Bestill

Ved fjordkanten i Øystese ligg lysverket Hardanger Skyspace. Dette er ein åttekanta bygning med opning i taket og sitteplassar inne i bygninga. Du kan besøkja Skyspace ved soloppgang og solnedgang, då gir kunstverket ei unik oppleving av skiftande farge, lys, himmel og rom. Vêrtilhøve og årstid verkar og inn, slik at kvart besøk vil vere unikt.

Hardanger Skyspace er signert av den amerikanske kunstnaren James Turrell. Lyskunstnaren er kjend for sine fantastiske lysverk, og skyspace utforma av Turrell kan besøkjast fleire stadar i verda. Lysverket i Hardanger er del av tilbodet til Kunsthuset Kabuso. Tidspunkt for lysvising i Hardanger Skyspace finn du ved å følgje billettbestillingslenka.

Kontakt

Adresse:
  • 5610
  • Kvam
Telefon:
+47 47 47 99 87
E-post:
post@kabuso.no
Nettside:
www.hardangerskyspace.no/

Hvor er Hardanger Skyspace?