Stad Sandvoll. Turkart Folgefonna nasjonalpark. Start og sluttpunkt Skarveland skule. Parkering Mellom rv. 48 og Skarveland skule. Merking Informasjonstavle ved start. Inga merking langs skogsvegen. Skilt er sett opp der stien tek av frå skogsvegen, og derfrå er ruta merka med plastbrikker opphengde i trea. Gradering Blå. Moderat krevjande, to støvlar etter DNT- systemet. Høgdeskilnad 80 - 500 moh. Tidsbruk 2 timar t/r. Gode råd Stien som avløyser skogsvegen kan vera blaut i starten. Bruk gode sko. Turomtale Gå opp gjennom byggjefeltet Heio og ned til Erslandsvatnet. Følg skogsvegen langs Erslandsvatnet og opp lia til skilt ved vegenden. Derfrå tydeleg sti opp til Varden. Dersom du ønskjer ein kort tur i Sandvollsfjella, kan du leggja turen til Varden. Fin utsikt over sunnhordlandsnaturen, med Halsnøy, Stord og Bømlo.

Kontakt

Adresse:
  • 5452
  • Kvinnherad
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:
www.visitsunnhordland.no

Hvor er Tursti til Varden på Sandvoll?