Vandretur med rast og fotostopp på utsynspunkt

Start tid: På forespurnad Tid: 4,5 times tur 12 km medium nivå Minimum: 12 personar Pris NOK 450,- pr person Matpakke, frukt, vatn og kaffi inkludert. Gode sko og klede nødvendig. Høgste punkt 302 moh.

Vi ønskjer deg velkomen på tur med oss.

Vi startar i sjøkanten og gjer ein kort stopp på Blix Hotell, der vi får utlevert kvar sin matpakke og vatnflaske. På turen passerer vi både Hopperstad stavkyrkje og Hove steinkyrkje, men vi går ikkje inn i kyrkjene. Vidare passerer vi gravhaugane på Hove og andre spennande ting som gaiden vil fortelja om undervegs. Etter ei bratt oppstigning stoppar vi for lunsj og fotopause i Hovsåsen. På turen tilbake til sentrum, som blir kalla Øyri, går vi gjennom eit rikt jordbrukslandskap som blei forma etter siste istid. Etter turen håpar vi at du sit igjen med eit minne for livet, og at du set like stor pris på Vikjabygda som vi som bur her gjer.

  • Facebook logo

Kontakt

Adresse:
  • Sentrumsgata 44
  • 6893
  • Vik
Telefon:
+47 911 30 843
E-post:
post@sylvringen.no
Nettside:
www.sylvringen.no/nn/turer/fjorden

Hvor er Hovsåsen rundt i Vik?