Kyrkja vart truleg reist på fyrste del av 1000-talet, men vart fort erstatta av ei kyrkje i dobbel storleik, på ca 43 m². Denne brann ned, og ein gong omkring 1140 og 1150 vart den noverande kyrkja reist. Den er 102 m² stor og har 22 stavar. Ingen andre kyrkjer kan måle seg med dette talet av stavar. Kyrkja har i dag 165 sitjeplassar. Stavane har korkje kapitel eller utskjeringar, noko som gir kyrkja ei forsterka vertikal kjensle. Det er denne grunnen til at ho vert kalla "katedralen blant stavkyrkjer".

At kyrkja har vore i kontinuerleg bruk og framleis er soknekyrkje, er også med på å gje kyrkja sitt særpreg. Kaupanger stavkyrkje er den største i Sogn, og speglar med det, den sentrale plassen kaupangen hadde i høgmellomalderen.

Stavkyrkja er direkte knytt til storgarden Kaupanger Hovedgård. Arkeologiske registreringar syner at garden kan sporast attende til byrjinga av bronsealderen, 1800 f. Kr. Korleis gardsbusetjinga var den første tida veit vi lite om, men frå jernalderen tyder spora på at garden har vore blant dei større i området.

 

 

  • Trip Advisor logo

Fra NOK 180,00

Kontakt

Adresse:
  • 6854
  • Sogndal
Telefon:
91357449
E-post:
kaupanger@stavechurch.com
Nettside:
www.stavechurch.com

Hvor er Kaupanger Stavkyrkje, Sogndal?