Gardsmatbutikken ligg i Øystese sentrum. Ta deg tid til ein tur innom og kjøp med ein smak av Hardanger. I butikken finn du varer laga av lokale produsentar, men og frå andre små og mellomstore produsentar rundt om i Noreg. I hyller og frysarar er det mellom anna tradisjonsbakst, fruktsaft, sider, syltetøy, honning, kjøt- og spekemat. I sesongen er det og godt utval av lokal frukt. Hardanger er eit område med stolte mattradisjonar, og regionen er kjent for fruktdyrking. I dag er lokal mat og frukt meir tilgjengeleg for kjøp i eigne gardsmatbutikkar, men og i dei lokale matbutikkane. Ein tur innom Gardsmatbutikken i Øystese vil by på mange spennande freistingar- du går garantert ikkje tomhendt ut!

Kontakt

Adresse:
  • 5610
  • Kvam
Telefon:
56 55 50 48
E-post:
Nettside:

Hvor er Gardsmatbutikken i Øystese?