Hauge-senteret ligg vakkert til på Brakanes ved Ulvikafjorden. Her blir du kjent med den store diktarens liv og verk og du kan oppdage poesi og lyrikk i mange former på nye og spennande måtar. Senteret inneheld utstilling, lyrikkbibliotek, poesiverkstad, museumsbutikk og kafé. Nynorsk kultursentrum som driv Hauge-senteret og Ivar Aasen-tunet i Ørsta blei kåra til Årets museum 2015.

Hardanger og Voss Museum, Folgefonnsenteret, Kraftmuseet og Olav. H. Hauge-senteret har inngått eit samarbeid om eit sommarpass for 2020-sesongen. Det vil seia at dersom du kjøper dette passet, betalar du full pris den fyrste staden og får 50 prosent rabatt hjå dei andre som er med i samarbeidet.

Haugesenteret opnar sommarsesongen med helgeope frå laurdag 8. mai.

 

Tysdag – fredag          10 – 15.30

Fast omvising kl 10.30 i perioden 29.juni-15. august

Laurdag og søndag     11 – 16

Omvising kl 11.30

 

Omvising i utstillinga er inkludert i billetten. Lengde cirka 60 min. inkl. Film.

Billettpris kr. 100 

Born og studentar har fri inngang.

  • Facebook logo
  • Trip Advisor logo

Kontakt

Adresse:
  • Promenaden 7
  • 5730
  • Ulvik
Telefon:
56 52 70 70
E-post:
post@haugesenteret.no
Nettside:
www.haugesenteret.no

Hvor er Olav H. Hauge-senteret?