Når du vandrar på øya kan du sjå tufter etter kapellet som vart flytta i 1718 og merke etter sliping av sverd. Det mest fasinerande er likevel naturen og havet - lengst vest i Norge. I alle år var fisket hovudnæringsveg på Utvær. Kort veg til fiskefelta gjorde været til eit senter i sesongbasert fiskeri.

Det er ingen fastbuande der i dag, men om sommaren er det mykje feriefolk på Utvær. Det var i året 1900 det monumentale fyrtårnet vart satt opp. Fyrtårnet i støypejern ragar 31 meter over berget og sender lyskjegla i 45 meters høgde over havflata. Lysblinken kvart 30. sekund når 35 km ut i Nordsjøen. Frå toppen har du fantastisk utsikt!

Vikingtida

Utvær er kjent frå historia heilt attende til vikingtida. I 1066 segla Harald Hardråde ut frå Solund då han skulle freiste å legge under seg England. 200 skip og dertil proviantskip og småskuter var samla. Soga seier at ein del av skipa gjekk ut frå Utvær. Slaget enda med fall ved Stamford Bridge. På austsida av vågen ved Likberget ser ein nokre spor i berget. Historia fortel at det er spor etter vikingane som slipte sverda sine før dei drog over havet på vikingferd.

Fyrsafari til Utvær

På sommaren kan du vere med på Fyrsafari til Utvær. Turen startar med ein båttur frå Hardbakke gjennom eit fasinerande landskap. På Utvær går du Nordsjøløypa rundt øya saman med ein guide. Undervegs kan du sjå kapelltufter og slipemerker frå sverd. Dei som vil kan gå opp i fyret og nyte den fantastiske utsikta!

Har du lyst til å reise på fyrsafari på hausten, vinteren eller våren? Det er mogleg å bestille fyrsafari gjennom heile året. Du kan lese meir om fyrsafari til Utvær her

Kontakt

Adresse:
  • 6924
  • Solund
Telefon:
474 09 482
E-post:
mail@fjordkysten.no
Nettside:

Hvor er Utvær?