Turen går på universelt utforma grusveg rundt vakre Vinnesvatnet.

Langs vegen finn du vill og vakker skogkledd kystnatur. Eit stykke inne i løypa ligg eit lite tjern med ei unik flytande øy. Denne flytter seg med vinden. Vidare går vegen ut og langsmed Vinnesvatnet. På rasteplassen inne ved elvemunningen er det reist eit grindabygg i god gammal byggestil. Her er også ei lita badestrand. Balanseapparater, bruer og benker finn du langs heile vegen. Ved gaparhuken kan du ta ein pust i bakken. Heile løypa er lyslagt og kan nyttast på kveldstid heile året.

Parkering ved Vinnesvåg aktivitetshus. Bussrute Stolmen-Hufthammer har busstopp her.

Meir informasjon om turen finn du på ut.no.

Kontakt

Adresse:
  • Vinnesvatnet, Huftarøy
  • 5396
  • Austevoll
Telefon:
+47 924 57 236
E-post:
Nettside:
www.ut.no/tur/2.6326/

Hvor er Vinnesvatnet tursti?