Hopp til hovedinnhold

Eidsvåg og Tjøstheim har kjent kvarandre i fleire år. Dei har tøysa og tulla i lag i Radioresepsjonen, og Bjørn har gjesta Bjarte sin TV-serie Presten, der han mellom anna spelte ei lettare forfylla utgåve av seg sjølv

Nå foreiner dei krefter, vidd og det vesle dei har av visdom, i ei felles forestilling. Det skal vitsast og raljerast, men dei skal også gjera eit forsøk på å reflektera over små og store spørsmål, undring er dei bra på. Begge har en kyrkjeleg bakgrunn, begge har kjent på tru og tvil, og begge veit korleis det er å komma til kort. Dei er både tøffe og sarte, og ikkje minst gode på å fella nådelause dommer over seg sjølve. Samstundes jaktar dei på nåden, på nokon som kan tåla dei slik dei er.

Publikum kan forventa seg ei forestilling fylt med latter, musikk og ettertanke. Eidsvåg sitt eminente band vil sørga for musikalsk tyngde, og Tjøstheim vil også bidra med sine rytmiske ferdigheiter. Om det blir oppbyggeleg og sjelsettande, vites ikkje. Men kjedeleg blir det definitivt ikkje, til det er forestillinga for kort.

Visninger

18. desember:
19:00

Kontakt

Adresse:
  • Hamnegata 1
  • 5411 Stord
Telefon:
E-post:
kulturhuset@stord.kommune.no
Nettside:
stord.kulturhus.no/be-og-bt-lo76si/

Hvor er Bjørn & Bjarte, Den tøffe & Den sarte //Stord