Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Byer

Stord

Stord er den levande byen i hjarte av Sunnhordland - ein stad rik på kulturliv, historie og vakre naturopplevingar. Berre ein kort tur frå Bergen med buss og båt.

Missing alt text

Oppdag Stord i hjarta av Sunnhordland

Øya Stord ligg sentralt i Sunnhordland og er lett tilgjengeleg. Med trekantsambandet er Stord landfast med både Bømlo og Haugalandet, inkludert Haugesund. Frå Bergen kjem du deg til Stord på om lag to timar med bil, ferje eller hurtigbåt. Reiser du frå nord, går det ferje mellom Stord og Halhjem i Bjørnafjorden.

Leirvik – sentrum med sjel

Leirvik, lokalt kalla Vikjo, er sentrum på Stord. Her finn du eit godt utval av butikkar, restaurantar og kulturtilbod, i tillegg til det ikoniske monumentet Storddøra. Båtturistar legg gjerne til i Leirvik Gjestehamn eller i Sagvåg, som også er eit populært stopp. Øya Huglo, som høyrer til Stord, byr på rolege omgjevnader og ei gjestehamn perfekt for deg som ønskjer ein litt annleis oppleving.

Eit mangfald av overnatting

Uansett om du vil sove i tretopphytte, campingvogn eller på hotell, har Stord noko for deg. Øya tilbyr fleire overnattingsmoglegheiter, slik at du kan finne det som passar best for ditt eventyr.

Historie på Litlabø

Stord er også kjent for gruveindustrien på Litlabø. Desse gruvene har hatt stor historisk verdi og gjeve øya ein viktig plass i Vestlandets industrihistorie. Eit besøk her gjev deg eit innblikk i både arbeidarhistoria og lokalsamfunnet si utvikling.

Vandring på Stord – utsikt du må oppleve

Høgaste punktet på Stord er Mehammarsåta, som ruvar 749 meter over havet. Frå toppen får du panoramautsikt over Sunnhordland og fjordlandskapet. Ein annan populær tur er til Stovegolvet (703 moh), som også byr på fantastisk utsyn. I tillegg har Stord eit rikt nettverk av turstiar, både i fjellet og langs sjøen. Her finn du noko for både nybegynnarar og erfarne fjellvandrarar.

Fakta om Stord

  • Innbyggjartal: Om lag 19 000
  • Sentrum: Leirvik (Vikjo)
  • Attraksjonar: Storddøra, Litlabø Gruvemuseum, Sunnhordland Museum, turar til Mehammarsåta og Stovegolvet
  • Tilkomst: Landfast via trekantsambandet, ferjesamband frå Halhjem, hurtigbåt frå Bergen


Velkomen til Stord – ei øy som må opplevast!

Aktivitetar på Stord

Tur til Stovegolvet 703 moh

Tur til Stovegolvet 703 moh

Namnet Stovegolvet kjem frå den store flata som openberrar seg på toppen. Her er det like flatt og breitt som heime i stova.

Vikjo Bad på Stord Hotell

Vikjo Bad på Stord Hotell

Heilt nytt - nyt det.

Sunnhordlandstunet - Stord - Sunnhordland Museum

Sunnhordlandstunet - Stord - Sunnhordland Museum

Sunnhordlandstunet ligg i gåavstand til Leirvik sentrum. Utstillingar og museumstun med kulturhistoriske bygningar frå Sunnhordland, passar for heile familien.

Tursti rundt Ådlandsvatnet

Tursti rundt Ådlandsvatnet

Flott turveg på 6 km rundt Ådlandsvatnet på Stord. Passar for heile familien.

Sherpatrappene opp til Kattnakken

Sherpatrappene opp til Kattnakken

Ta turen opp sherpatrappene og nyt utsikten over Sunnhordlandsbassenget mot Huglo, Tysnes, Kvinnheradsfjella, Halsnøy og Borgundøy - og Folgefonna!

Kystoppleving

Kystoppleving

Bli med på ei eventyrleg kystoppleving i Sunnhordland.

Hystadmarkjo

Hystadmarkjo

Rusle, jogg, ta ein tur til badestranda, opplev naturreservatet - alt dette kan du gjere i populære Hystadmarkjo.

Rundtur langs gruvene på Litlabø

Rundtur langs gruvene på Litlabø

Ta turen forbi tårnet ved gruvene på Litlabø, gjennom den stemningsfulle granskogen og vidare inn til det enorme dagbrotet frå 1860-1880- åra.

Nordsjøløypa Stord

Nordsjøløypa Stord

Ein flott tur på om lag 16 km som tek deg forbi gamle gardar, gjennom skog og opp på Klovfjellet med utsikt over nesten heile Sunnhordland før du kjem ned til Rydland.

Sykkelrute Litlabø, Sagvågsrunden (18 km)

Sykkelrute Litlabø, Sagvågsrunden (18 km)

Kva med ein variert rundtur der du får med deg innland og kyst? Sykkelturen Sagvågsrunden byr på dette.

Vaskeriplanet badestrand

Vaskeriplanet badestrand

Strand i nærheten av Litlabø.

Landåsen turområde

Landåsen turområde

Klassisk søndagstur som går etter ei løype som gjev deg naturopplevingar heile vegen. Opplev Eventyrskogen - ei unik framstilling av norske folkeeventyr langs skogsvegen.

Alle aktiviteter tilknyttet Stord

Ting å gjere på Stord

Her er ei oversikt over ting å gjere på Stord, i dag eller de nærmaste dagane.

Slik kommer du deg hit

Reiser du med egen bil eller med offentlig transport? Lurer du på hvordan du kommer deg hit? Vi hjelper deg!

Slik kjem du deg til og rundt i SunnhordlandSe på kartet

Planlegg turen din til Stord

Gamle Fengselet Kulturhotell

Gamle Fengselet Kulturhotell

På Gamle Fengselet Kulturhotell kan du bu på det sjarmerande hotellet som i si tid var fengselet på Stord. Her finn du eit spennande utval av unike rom.

Stord Hotell

Stord Hotell

Stord Hotell er eit fullservicehotell som ligg i hjarta av Sunnhordland - midt mellom Bergen og Stavanger.

Himmelhyttene

Himmelhyttene

Ni meter over skogbotnen, mellom trekronene, kan du sove trygt og komfortabelt i ei av dei største tretopphyttene i Noreg – midt i naturen!

Almaas Hotell Stord

Almaas Hotell Stord

Almaas hotell Stord har som mål å gje deg eit topp opphald i Sunnhordland - så rimeleg som råd er. Eit velfylt frukostbord og kveldsbuffé utan tillegg i prisen.

Langenuen Motell og Camping

Langenuen Motell og Camping

Oppdag Langenuen Motell & Camping som ligg fint plassert i sjøkanten like ved E39 på øya Stord. Nyt utsikten frå eit av rommene, hyttene eller campingområdet.

Leirvik gjestehamn

Leirvik gjestehamn

Leirvik Gjestehamn ligg i sentrum av Leirvik. Her er det museum, parkar, kulturhus, rådhus, handlegate og AMFI senter og strandpromenade rundt heile hamna.

Leirvik Fyr

Leirvik Fyr

Unik overnatting på Leirvik fyr der du får ein fyrstasjon og ei heil øy for deg sjølv, med utsikt frå Hardangerfjorden i nord til Ryvarden i sør.

Sponavik Camping

Sponavik Camping

Sponavik Camping ligg idyllisk til ved Sponavik Sjøbad. Her er det mogleg å fiske. Campingplassen ligg 1 km frå Leirvik sentrum.

Sagvåg gjestehamn

Sagvåg gjestehamn

Lun og skjerma hamn. Straum og vatn.

Alle overnattingssteder tilknyttet Stord

Kommende arrangementer

Reiseinspirasjon

Bergen

Bergen

Bergen er selve hjertet i de norske fjordene, og gir deg en ideell kombinasjon av natur, kultur og storbyopplevelser. Uansett årstid.

Stavanger

Stavanger

Fra historisk småbysjarm til moderne gatekunst – velkommen til en internasjonal fjordby som byr på spennende opplevelser! Byen Stavanger er kjent for både gatekunst, mat, kultur og nærhet til flotte naturattraksjoner.

Haugesund

Haugesund

Haugesund, midt mellom Bergen og Stavanger, byr på spektakulær natur, rik historie og spennende opplevelser. Planlegg ditt besøk til Haugesund her.

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement