Hopp til hovedinnhold

Fly til Sunnhordland

Stord lufthamn

Sunnhordland har regional flyplass på øya Stord. Stord lufthamn ligg kun 18 minuttars kjøretid frå Leirvik sentrum. Du flyr enkelt mellom Oslo og Stord, reisetida er ca 1 time. Avgangar/ankomst måndag, torsdag, fredag og søndag. Frå 1. april 2024 vil det vere avgangar/ankomst alle dagar unnateke laurdagar.

Flyturen mellom Stord og Oslo byr på fantastisk utsikt undervegs. Ved klarver kan du sjå både Hardangerfjorden og Folgefonna, dei høge, snødekte fjelltoppane og kystlandskapet.

Det er gratis parkering på flyplassen på Stord og også gratis lading av el-bil.

Sjå meir informasjon på stordlufthamn.no.

Flyplassar nær Sunnhordland

Bergen lufthavn på Flesland

Flyplassen utanfor Bergen ligg ca 82 km frå Stord. Bergen lufthavn har flygingar både innanlands og utanlands. Det går hurtigbåt frå kai ved flyplassen med anløp både i Austevoll, på Bømlo, Stord og med vidare forbindelse til Kvinnherad og Etne.

Haugesund lufthavn på Karmøy

Flyplassen utanfor Haugesund ligg rett sør for Sunnhordland. Det er både innan- og utanlandsflygingar til og frå Haugesund lufthavn.

Stavanger lufthavn på Sola

Flyplassen ved Stavanger ligg ca 140 km frå Stord. Også her er det både innan- og utanlandsflygingar. . Frå Stavanger lufthavn tar det ca 2,5 timar med bil eller buss til Sunnhordland.

Tog

Reiser eller kjem du med tog, er dei nærmaste stasjonane Bergen eller Stavanger. Tog mellom Oslo og Bergen tar i underkant av 7 timar, og mellom Oslo og Stavanger rundt 8 timer.

På VY sine nettsider finn du nyttig info og kan bestille billettar.

Du kjem deg enkelt vidare frå Bergen eller Stavanger til Sunnhordland anten med buss eller hurtigbåt.

Båt

Fjord Line har ferje med avgang og anløp mellom Hirtshals, Danmark og Kristiansand og Hirtshals - Stavanger og Bergen. Sunnhordland ligg mellom Bergen og Stavanger.

Color Line har skip med bildekk som har daglege avgangar mellom Kiel og Oslo. Det er ca. 530 km frå Oslo til Sunnhordland. Då kjører du europavegen E134 over Haukelifjell. Dei har også avgangar mellom Hirtshals og Kristiansand.

DFDS har avgangar mellom København og Oslo og mellom Fredrikshavn og Oslo.

Buss

Kystbussen har mange avgangar dagleg langs E39 mellom Bergen, over øya Stord, via Sveio og til Stavanger. I tillegg til å vere ein behageleg måte å reise på, er reisa i seg sjølv ein flott sightseeingstur. Kystbussen har to typar avgangar. "Strake veien" med færre stopp (på Stord er det av- og påstigning på busstopp på Heiane) og kortare reisetid, samt vanlege avgangar. Du finn meir informasjon om både ruter og billettbestilling på Kystbussen sine nettsider.

På strekningen mellom Bergen og Stavanger - med stopp på Stord og Sveio, kjører også VY Ekspress. Billett må kjøpast på førehand - via nett.
Ekspressruter er det også langs E134 frå Haugesund via Etne til Oslo. (Haukeliekspressen). Desse er det NorWay Bussekspress som trafikkerer.

På nettsidene til Skyss finn du rutetider for lokale bussamband i Sunnhordland.

Tide Buss tilbyr bussreiser for grupper.

Hurtigbåt

Du kan reise med hurtigbåt frå/til Bergen via Austevoll og Bømlo, Stord, samt Skånevik og Fjelbergøy.

Hurtigbåten tar deg med til mange flotte stader i Sunnhordland. Reisa i seg sjølv er vel verdt å anbefale – å reise mellom øyer og på fjorden så tett på er fascinerande – og komfortabelt. På nettsidene til Skyss finn du informasjon både om avgangstider og billettar.

Hardangerfjordekspressen byr på ei vakker fjordreise frå Bergen til Rosendal på 2 timar. Båten går kvar dag heile året. I Rosendal kan du mellom anna oppleve Baroniet Rosendal, den flotte hagen, Folgefonnsenteret og Steinparken.
Du kan anten bestille rundreise eller reise ei strekning.

Hardangerfjordekspressen, drive av Rødne, har daglege avgangar. Du finn meir informasjon her:

I det heile er det lett å kome seg til Sunnhordland frå både inn- og utland!

Velkommen!

Reise rundt i Sunnhordland

Ferje i Sunnhordland

Ferjene knyter mange av kommunane, øyene og fastlandet saman sjøvegen. Hovudåra via E39 mellom Sandvikvåg (Fitjar/Stord) og Halhjem (Bjørnafjorden/Bergen) er også knytt saman med ferje.

Dei ulike ferjestrekningane i Sunnhordland:

  • Fjelberg - Sydnes (Halsnøy, Kvinnherad) - Utbjoa
  • Gjermundshamn - Varaldsøy - Årsnes
  • Halhjem (ligg i Bjørnafjorden kommune, ca 30 min kjøring sør for Bergen) - Sandvikvåg (Fitjar/Stord)
  • Hufthamar (Austevoll) - Krokeide (Bergen)
  • Husavik (Austevoll) - Sandvikvåg (Fitjar/Stord)
  • Langevåg (Bømlo) – Buavåg (Sveio)
  • Jektevik (Stord) - Nordhuglo - Hodnanes (Tysnes)
  • Skjersholmane (Stord) - Ranavik (Halsnøy, Kvinnherad)
  • Skånevik (Etne) - Matre - Utåker (Kvinnherad)
  • Våge (Tysnes) - Halhjem (ligg i Bjørnafjorden kommune, ca 30 min kjøring sør for Bergen)

Alle samband og rutetider finn du på nettsida til Statens Vegvesen.

Passasjerar reiser gratis med ferjene. Prisane for bilar og vidare informasjon om betaling finn du på nettsida til AutoPASS. For reisande med utanlandsk registrerte kjøretøy kan ein også finne informasjon om betaling hos FerryPay.

Buss

Du reiser enkelt og kollektivt med dei lokale bussane i alle kommunane i Sunnhordland. På nettsidene til Skyss finn du rutetider for alle bussamband i Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes.
Du kan kjøpe billetten din om bord i bussen, men også kjøpe via internett eller app. Informasjon om alle moglegeheitene for billettkjøp finn du her.

Mellom Stavanger og Bergen trafikkerer Kystbussen, som har haldeplassar både i Sveio, på Stord og Fitjar. Det samme gjeld VY Ekspress.

Hurtigbåt

Norled sine hurtigbåtar tar deg med til mange flotte stader i Sunnhordland. Dei driv også hurtigbåt frå Bergen via Austevoll og Bømlo til Stord, samt Skånevik og Fjelbergøy. Du finn oversyn over båtruter på nettsida til Skyss.

Du kan reise med båten Rose Express Eidesvik/Langevåg (Bømlo) til øya Espevær.

Hardangerfjordekspressen tar deg på ei vakker fjordreise frå Bergen til Rosendal på 2 timar. Båten går kvar dag heile året. Du kan anten bestille rundreise eller reise ei strekning. Hardangerfjordekspressen, drive av Rødne, har daglege avgangar.

Tunnelar og bruer

Du kan kjøra under sjøen gjennom Halsnøytunnelen mellom Halsnøy og Husnes. Halsnøytunnelen er gratis å kjøre gjennom.

Det er også tunnel som går delvis under isbreen Folgefonna (Folgefonntunnelen) som gjer det lett å reise mellom Eitrheim i Ullensvang kommune i Hardanger og Mauranger i Kvinnherad kommune i Sunnhordland.

Trekantsambandet knyter kommunane Sveio, Bømlo og Stord ferjefritt saman med både tunnel og bruer.
Stordabrua og Bømlabrua, Spissøybrua og den 7,8 km lange undersjøiske tunnelen Bømlafjordtunnelen utgjer Trekantsambandet.
Passering over Stordabrua og gjennom tunnelen er gratis. Ved Spissøy til/frå Bømlo er det avgift. (Bømlopakken). Bompengene blir betalt via AutoPASS ved automatisk bomstasjon.