Daglege avganger heile året, sjå rutetabell på Rødne sine heimesider.
 

Dagstur til Rosendal i Sunnhordland
Under to timar med båt fra Bergen ligg vakre Rosendal, omgjeven av majestetiske fjell, fjord, foss og bre. Opplev bygda, besøk Baroniet med sin storslåtte rosehage eller ta bussen vidare til Odda, startpunkt for turen til Trolltunga.

Rosendal, denne vesle bygda ved Hardangerfjorden si munning, er eit lite stykke Norge i miniatyr. Her er moglegheitene uendelege; anten du berre vil rusle rundt i den vakre bygda, stikke innom eit galleri og drikke ein kopp god kaffi på ein av dei mange kaféane – eller ta for deg av den storslåtte naturen. Nokon av dei finaste turområda på Vestlandet ligg her, med fjellturar for den fjellvante og den utrente, for barnefamiliar og for dei som søkjer det meir ekstreme. Det fins sjølvsagt ei rekkje andre friluftsaktivitetar å velje mellom: kajakk på fjorden, kano på vatna, brevandring, off-roadsykling og Putball – eller fotball-golf som det også vert kalla! Ikkje langt frå Rosendal sentrum finn du også vakre sandstrender.

Berre 1,5 km spasertur frå sentrum finn du Baroniet, det minste sloittet i Skandinavias frå 1665, omgjeven av ein vakker rosehage og med ein hyggjeleg hagekafé kor du kan ete lunsj om du vil.

På Folgefonnsenteret kan du lære om Folgefonna nasjonalpark, vatnet si reise på jord, klimaendringar, naturmangfald og bærekraftig bruk av naturressursar.

Båtturen frå Bergen gjennom vill og vakker natur er ei oppleving i seg sjølv. Båten stoppar også på Flesland kai og på Os på vei til og frå Rosendal.

Dei komfortable, moderne båtane har soldekk, romsleg salong og kiosk med snacks og kalde/varme drikkar om bord. 

Les meir og bestill på Rødne si nettside.  

  • Facebook logo

Kontakt

Adresse:
  • Strandkaien 15.
  • 5013 BERGEN
Telefon:
+47 51 89 52 70
E-post:
mail@rodne.no
Nettside:
rodne.no/fjordcruise/fjordcruise-til-hardanger/

Fasiliteter

Kafé:
Toalett:
Sesong:
  • Høst
  • Vår
  • Sommer
  • Vinter

Hvor er Fjordcruise frå Bergen til Rosendal?