Ytst på moloen i innseglinga til Leirvik står skulpturen Storddøra. Storddøra er laga av kunstnaren Sissel Tolaas og reist med god støtte frå det lokale næringslivet.
Skulpturen er ein 16 m høg konstruksjon i rustfritt stål og med 20 innebygde propellar som roterer i vinden og blenkjer i sola.
Rundt skulpturen er opparbeid parkområde. Frå sentrum er det ein fin spasertur ut til Storddøra! Det tar ca 5 minutt å gå frå sentrum til skulpturen.