Hopp til hovedinnhold

Stad

Stordafjellet, Lundsseter

Turkart

Stord – Fitjar  1 : 50.000

Start og sluttpunkt

Kraftstasjonen på Lundsseter.

Parkering

Ved kraftstasjonen. Frå E39 køyrer ein mot Fjellgardane, skilta til Lundsseter frå Ådlandsvatnet eller frå Førlandskrysset (Rommetveit).

Merking

Informasjonstavle ved startpunkt. Skilta og merka etter ny løypestandard. Skilt i alle stikryss. Elles T-merka og varda.

Gradering

Raud. Noko krevjande fottur.

Høgdeskilnad

190  - 703 moh.

Tidsbruk

3 -4 timar. 7,5  kilometer.

Gode råd

Nokre bratte parti. Bruk høvande sko.

Turomtale

Dette er ein rundtur som startar frå Lundsseter kraftstasjon. Du fylgjer merka sti opp Tyseskaret til Eldhushedda. Herifrå får  ein god utsikt over søndre del av Sunnhordlandsbassenget mot Halsnøy, Borgundøy og Valevåg. På toppen av skaret tek ein til høgre i stikrysset, bratt oppover mot Stovegolvet. No startar eit endå brattare parti der det er hengt ut kjetting som ein kan halda seg fast i på dei brattaste strekka. På veg opp er det naudsynt med fleire pausar. Både for å få att pusten og for å nyta utsikta over øyriket. Frå gamalt av vert det sagt at ein på klarvegsdagar kan sjå nausta på Englandskysten. Ta med kikkert og finn ut om dette stemmer! Namnet Stovegolvet kjem ifrå den store flata som openberrar seg på toppen, midt i dette småkuperte fjellterrenget. Her er det like flatt og breitt som heime i stova.

Ein kan enno sjå restar etter radiomasta som sto her oppe. Denne vart riven då sendaren på Kattnakken vart bygd. I tida då Trekanthytta som Televerket eigde vart bygd gjekk det òg trallebane frå Kraftstasjonen og opp til Stovegolvet.                                                                                                              

Frå Stovegolvet fylgjer ein fjellryggen mot Kvelve, med utsikt mot Kattnakken og den store Telemasta. Dette er ein godt merkt og synleg sti som går i lett terreng. Forbi den store gryta ved Kvelve,  svingar ein av ned Fossabrekko mot Heio. Om lag midt i Fossabrekko, halvvegs nede til Heio, skrår det av ein sti ned til Kyviksæter. Herifrå fylgjer  ein skogsvegen attende til parkeringsplassen ved Lundsseter. Vel framme vert det anbefalt å leggja turen innom Fjellstova for å kjøpa middag eller kaffi og kaker.

Kontakt

Adresse:
  • 5417 Stord
Telefon:
53496950
E-post:
post@stord.kommune.no
Nettside:
www.visitsunnhordland.no

Fasiliteter

Sesong:
  • Vår
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter
Underlag:
  • Sti
Varighet:
  • Kort tur (0,5-3t)
Vanskelighetsgrad:
  • Krevende (rød)
Avstand:
  • 8km
Total stigning:
  • 513m

Hvor er Tur til Stovegolvet 703 moh?