Hopp til hovedinnhold

Stad

Stord

Turkart

Stord – Fitjar  (1 : 50.000)

Start og sluttpunkt

Båthamna i Sævarhagen eller ved Leirvik AS på Storhaug.

Parkering

Gode parkeringsmogleikar ved båe endane av turløypa.

Tilkomst med offentleg transport

Buss frå Leirvik til Rommetveit eller til Øklandslio passerer etter tre kilometer skilting til Tyneset der ein stig av bussen og går siste stykket ned mot båthamna. Turstien ligg i gangavstand frå regionsenteret Leirvik. Ein går då nordover forbi Leirvik kyrkje og tek til høgre på skilta veg mot Aslaksvikjo. Ein passerer bedrifta Leirvik AS, og kjem til søndre innfallsport til Hystadmarkjo.

Merking

Informasjonstavle ved startpunkt. Skilta og merka etter ny løypestandard.               

Gradering

Grøn. Lett fottur.

Høgdeskilnad

15 -  47 moh

Tidsbruk

Omlag 1 time

Gode råd

Ta deg god tid når du besøker Hystadmarkjo. Her kan ein bada på ei av dei fine strendene, vitja gravrøyser frå vikingtida eller berre nyta velværet av å vandra i skogen og ved sjøen på same tid.                                  

Turomtale

Dette er ein godt tilrettelagt og grusa tursti som eignar seg for alle. Løypa er om lag to kilometer kvar veg. Langs heile løypa er det sett opp informasjonstavler fortel om natur, kultur, miljø og friluftskvalitetane i området.

Stien passerar like etter startpunktet i båthamna langs steingarden til kolerakyrkjegarden. Denne vart bygd etter koleraepidemien i 1849. Sjukdomen var svært smittsam og ein kjende på 1850 talet ikkje smittekjelda. Ein var redd for at jordsmonnet over gravene
kunne smitta. Difor ville ein ikkje gravleggja koleradøde på den vanlege kyrkjegarden i bygda. Kolerakyrkjegarden vart lagt avsides i utmarka på Tyneset. Nærleiken til stranda kjem av at sjøen var transportåra. Landevegane i distriktet kom seinare på 1800-talet.

Frå grusvegen snirklar det seg utallige stikkvegar ned til sjøen eller inn i skogen. Små sandstrender ligg mellom bergknausar og tett, velduftande skog. Her kjenner ein sjølufta og eimen frå fureskogen i same andedrag.

Den fyrste stranda ein går forbi er Mjelkevikjo, ei brei og lun vik som ligg heilt urørt langs Langenuen. Ytst på Tyneset, på svaberga er bademogleikane særskilt gode. Vidare fortsett ein langs grusvegen over Russaklubben der det ligg det fleire gravrøyser oppe på høgaste kollen. Desse er frå bronsealderen, 3.500 år gamle. Røysene er freda som fornminne og skal liggja som urørte dokument for framtida.

Like etter kjem du til Apalvikjo, ei langgrunn sandstrand der du kan vassa ut til Tyttebærholmen ved fjæra sjø. Ved stranda  er det sett opp benkar, bygd toalett og tilrettelagt for grilling. Her ser du over Langenuen til Kvinnheradsfjella med den mektige isbreen Folgefonna roleg kvilande bakom alle fjelltoppane i horisonten.

Viss du tar turen i Hystadmarkjo i april, får du oppleve eit fantastisk "teppe" av kvitveis som breier seg utover skogbotn. På vårparten kan du også leggje merke til alle reira til fuglen hegre som ligg store i toppen av trea i nærleiken av Sævarhagsvikjo.


På vegen vidare er du inne i naturreservatet i Hystadmarkjo. Her blir du ført inn ein grøn oase som er den største svartorskogen i Nord-Europa, eit område på over 200 dekar med internasjonal verneverdi.

Her inne kryssar ein trebrua ved Straumen, som er ein brakkvasspoll. Her finst den største førekomsten av havsivaks i Hordaland.

Like etter brua ser ein over til Leirvik AS, der m.a. store bustadmodular til oljeplattformene i Nordsjøen vert produsert. Kontrastane er store til tungindustri når ein kjem gåande ut frå eit naturreservat. No er det berre ein bratt bakke att før ein er ved den andre innfallsporten til Hystadmarkjo.

Kontakt

Adresse:
  • Sævarhagen
  • 5417 Stord
Telefon:
+47 53 49 66 00
E-post:
post@stord.kommune.no
Nettside:
www.visitsunnhordland.no

Fasiliteter

Vanskelighetsgrad:
  • Lett (grønn)
Varighet:
  • Kort tur (0,5-3t)
Sesong:
  • Vinter
  • Vår
  • Høst
  • Sommer
Underlag:
  • Grus
Terreng:
  • Skogsområde
  • Kystområde
Total stigning:
  • 30m

Hvor er Hystadmarkjo?