Stad

Litlabø

Turkart

Stord – Fitjar  (1 : 50.000)

Start og sluttpunkt

Gruvemusèet, Litlabø. Rundtur. Turstien startar ved tårnet.

Parkering

Ved Heishuset og tårnet er det gode parkeringstilhøve. Her kan og bussar parkera. Frå E39 tek ein av mot Litlabø og fylgjer vegen 3 km til ein kjem til Litlabø. Her tek ein til høgre opp mot gruvene og Rødkleiv.

Merking

Informasjonstavle ved startpunkt. Skilta og merka etter ny løypestandard. Venelaget for gruo har òg merka ulike tursløyfer med eigne fargar på pålar .

Gradering

Grøn. Lett fottur.

Høgdeskilnad

39– 100 moh.

Tidsbruk

1 time

Gode råd

Nokre våte parti, bruk høvelege sko. Ein tur på stiane i skogen kan godt kombinerast med ein fjelltur. Frå krysset vest for Stordalselva kan ein følgja traktorvegen oppover mot Dalskarvatnet. Herifrå finst det mange turalternativ for vidare utflukter innover i Stord-fjella.

Turomtale

Turen startar  like ved heistårnet og fylgjer stien oppetter bekkefaret i Eikebakken.  Inne i den mørke, stemningsfulle granskogen passerer ein fleire synkar, som eigentleg er luftehol for gruvene. Sadalen, ein våtlendt og grøderik dal ligg på høgre sida av stien. Her finst fleire kilometer med gruvegangar.

 Etter 700 meter kjem ein til skilting mot Storsynken. Det er rydda sti til dette imponerande dagbrotet frå 1860-1880-åra som er 160 meter langt , 10-20 meter breitt og 30-60 meter djupt. Trea innanfor gjerdet er saga ned slik at dette mektige inngrepet i terrenget er synleg for alle. Tilbake til stien fylgjer me denne til høgre forbi tufter etter Stølen for Dalegardane. I neste vegkryss er ein i Stordalen,  og  tek mot venstre, sørover langs Stordalselva / Dalsløkjen. Her er  ein idyllisk rasteplass ved elva der ungar lett kan fanga fisk med håv eller fiskestang. Frå Dalsløkjen  følgjer ein traktorveg mot Storstemma/ Jappaløkjen. Jappaløkjen er merka med eiga informasjonstavle. Drikkevatnet frå fjellet vart samla opp her. Dette var òg prosessvatn for kisvaskeriet. Fleire vatn oppetter Litlabøfjella vart òg demma opp i 1914-15 for å magasinera vatn til gruvedrifta. Kis-vaskeriet aleine trong sju kubikkmeter vatn i minuttet.

Frå Jappaløkjen går ein over Rødkleiv idrettsbane, langs skogsvegen, med  kiselva på høgre side. Brunfargen i elva kjem av mykje jern i berggrunnen. På veg ned Rødkleivbakken ser ein attende til heistårnet.

 Gruvesamfunnet hadde det meste som skulle til i eit samfunn. Her var postkontor, administrasjon og badehus, der arbeidarane kunne vaska seg etter ein lang dag i gruo. I arbeidarbustadane var det vanleg at det budde ein familie i første høgda og ungkarar i andre høgda. Administrasjonsbygningen der funksjonærane hadde arbeidsplassane sine, ligg oppe på haugen. Tårnet står oppå ei gruvesjakt som er om lag 750 meter djup.  Den store, kvite bygningen er Badet, der arbeidarane vaska seg. Murbygningen er Heishuset. Denne var mål for det engelske raidet mot gruvene i januar 1943. Opp ein bratt bakke ligg Stigerkontoret på venstre side. Dette er no restaurert. Den Mekaniske verkstaden er i privat eige i dag. Snikkarverkstaden er restaurert, medan Smia er gruvemuseum.

Lenger nede mot Hustredalsvatnet ligg tufta av Vaskeriet. Her vart kisen skilt ut i ein vaskeprosess før han vart transportert til Sagvåg med elektrisk tog og frakta vidare med båt. Den moderne svovelkisproduksjonen starta på Litlabø allereie i 1907.

Kontakt

Adresse:
  • 5415 Stord
Telefon:
E-post:
Nettside:

Fasiliteter

Vanskelighetsgrad:
  • Lett (grønn)
Varighet:
  • Kort tur (0,5-3t)
Sesong:
  • Høst
  • Vår
  • Sommer
  • Vinter
Total stigning:
  • 100m

Hvor er Rundtur langs gruvene på Litlabø?