Kor går turen?
Turen går opp Fossabrekko på Stord.
Kor er start og sluttpunkt?
Du kan starte ved veg-bommen opp mot TV-masta på Stord. Det er parkeringsplass like nedanfor denne.
Parkering
Du kan parkere ved restauranten Fjellstova (viss du gjer det, får du ein litt lenger gangveg til sjølve sherpatrappene - du må då gå opp til Heio, før du starter på sherpatrappene) eller på Heio.
Kjem du med bil frå E39 tart du av mot Fjellgardane og Lundsseter frå Ådlandsvatnet eller frå Førlandskrysset på Rommetveit.
Tidsbruk
ca 1 t
Gode råd
Nokre bratte parti. Bruk høvande sko. Her finn du også gode råd for fjellturen.
Turomtale
Dette er ein tur som startar ved inngangen til Heio/ved bommen opp mot TV-masta på Stord. Du går eit lite stykke forbi vegbommen, før du tek til venstre opp sherpatrappene og Fossabrekko. Langs vegen har du god utsikt over deler av Sunnhordlandsbassenget (=fjordområdet du ser frå fjellet) mot Huglo, Tysnes, Kvinnheradsfjella, Halsnøy og Borgundøy. Viss det er klart vèr, er det også mogleg å sjå isbreen Folgefonna.
Opp sherpatrappene er det ca 500 trappetrinn til du er på toppen av Fossabrekko. Undervegs er det laga til ein stad med benkar der du kan ta ein pust i bakken.
Frå toppen av Fossabrekko kan du gjerne kombinere turen med vandring til Stovegolvet eller andre vegen mot TV-masta.
Turkart
Stord – Fitjar 1 : 50.000