Hopp til hovedinnhold

Sykkelrute

Du kan starte turen startar ved båthamna i Leirvik sentrum. Midt i sentrum er det ei stor rundkjøring med fontene i midten. Ta av i rundkjøringa slik at du passerert forbi Stord folkehøgskule, der du igjen tar mot høgre. Følg sykkelrute nr. 1 forbi Esso-stasjonen og ut av sentrum. Ruta går i svak stigning forbi Knutsaåsen Omsorgssenter til vegen stoppar.

Her deler vegen seg. Følg vegen som går gjennom ein undergang. Det er no grusveg. Etter det siste huset på denne vegen, går vegen slakt nedover på ein kjerreveg. Følg skilting nr. 1, og vegen kjem igjen på Gruvevegen. Passèr gamle skulen på Stuva og vidare gjennom Litlabø. Langs denne vegen er det er mange fine gardar og flott kulturlandskap.

Etter ca 6,5 km kjem du til ei avkjørsel på høgre side som går til Gruvemuseet på Litlabø. Her vann dei ut svovelkis frå 1865 til 1968. Her er det sesongope museum og fint uteområde med turløyper.

Frå Gruvemuseet syklar du vidare på gangsti langs Storavatnet. Etter ca 3 km kjem du til vegkryss i Sagvåg. Du kjem no over på vestsida av Stord. Følg sykkelskilt nr 1 mot Haugesund (til venstre) på Sagvågsvegen mot Sagvåg sentrum.

I Sagvåg sentrum er det mellom anna daglegvarebutikk. Ca 100 m frå Sagvågsvegen, til høgre før daglegvarebutikk, ligg Sagvåg kai og Sagvåg gjestehamn. Her er eit fint område med benker, bord og informasjonstavle.

Følg vegen vidare frå Sagvåg sentrum mot Leirvik igjen. Her syklar du på gangsti forbi skilt til Sætravik badeplass (avstikker 2,1 km til høgre). Etter ca 3,5 km møter vegen E39. Hald til venstre og følg skilting mot Leirvik over gangbru (som går over E39) og vidare på baksida av Heiane Storsenter. Følg blå skilting mot Leirvik forbi Langeland skule. Vegen møter Verftsvegen. Her kan du ta ein avstikkar ned til Aker Solutions Stord, Sunnhordland sin største industriarbeidsplass. Alternativt følg gangsti vidare mot Leirvik sentrum, langs Andedammen og ned til Stord kulturhus og båthamna igjen.

Vanskegrad

Medium

Lengd

18 km

Overflate på vegane

Asfalt og grusveg nokon stader.

Kontakt

Adresse:
  • 5401 Stord
Telefon:
E-post:

Hvor er Sykkelrute Litlabø, Sagvågsrunden (18 km)