Etter ti års ventetid har Bergensbandet lagt bak seg eit comeback-år det luktar svidd av – og gitt ut heile to nye album.
Dei sagnomsuste konsertane med 4 meter høge dansande velur-monster, uimotståeleg dansbar synthpop og underfundige vestlandske tekstar har gitt terningkast seks frå både Gaffa og Stavanger Aftenblad. No har dei nettopp sleppt sitt femte studioalbum Sjelden vare til strålande kritikkar, og alt ligg til rette for meir pur, euforisk stemning på klubbar og festivalar i 2026!
Perioden mellom 2004 og 2014 tok bandet på ei ellevill reise verda rundt. Dei spelte tusenvis av konsertar i nær 40 ulike land, og låtar som Fot i hose, Finn bikkjen og En vill hest vart hyppig spelt på BBC, Radio France og amerikansk college-radio. Dei vart signert til Universal, Moshi Moshi og Polyvinyl, vart nominert til Spellemann fleire gongar og fekk eit millionstipend frå A-ha. Internasjonal presse som Rolling Stone, Pitchfork og NME hylla dei – sistnemnde kalla Casiokids «the best thing to come out of Norway since black metal».
Så tok dei ei ti år lang siesta der medlemmane utforska andre musikalske prosjekt. Vokalist Fredrik Vogsborg vann tre Spellemannsprisar og samarbeidde med mellom andre Aurora, Young Dreams, The Megaphonic Thrift, Silja Sol, Strange Hellos, Real Ones, Hjerteslag og Amazing Space.
I 2024 var bandet endeleg tilbake med det kritikarroste comeback-albumet Tid for hjem på Jansen Records – og no har dei følgt opp med det rykande ferske Sjelden vare. Casiokids er klare til å by på både gamle klassikarar og nye favorittar frå scena i inn- og utland. Dette er ei konsertoppleving du ikkje vil gå glipp av!
© STUDENTHUSET AS
Visninger
Studenhuset Rokken (Volda)
- 16. januar, 2026:
- 20:00
Kontakt
- Adresse:
- Industrigata 12
- 6100 Volda
- Telefon:
- E-post:
- post@rokken.no
- Nettside:
- www.rokken.no/program/