Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Bygder og steder

Volda

Gjer deg klar for aktive dagar i Volda omkrinsa av flott natur, med kort veg til stader som Runde, Ålesund og Geiranger.

Gamle Horndøla bru med Hornindalsrokken og fjella i bakgrunn.
Gamle Horndøla bru.|© Øyvind Kåre Sunde

Som perler på ei snor finn du dei flotte områda i Volda. Frå små bygder med særpreg til større tettstadersom Volda og Grodås. Dei små bygdene kan freiste med alt frå lokale museum til flotte turar enten du er åleine, på tur med familien eller med vener. Utfordre deg sjølv med ein topptur i spektakulær natur, eller einenklare tur med familien i Bjørkedalen og sjå på vikingeskipet.

Kort fortalt finn du 4 fjordar, 5 innsjøar og utallegefjellturar! Eit yrande studentliv med alt frå lærarutdanning, film & animasjon og naturbasert reiseliv. For ikkje å snakke om populære festivalar som Dei Nynorske Festspela, og Indiefjord. 

Attraksjonar

Paddene i Austefjorden er og blitt ein attraksjon, ynglestaden for ein av dei største paddebestandane i Europa. For å bygge Kvivsvegen så måtte dei faktisk gjeretilpasningar for å ta vare på paddene, som resulterte i “paddetunnelar” under vegen. På rasteplassen kan du og møte paddestatuen på heile 4 tonn!

Bygdekulturen står sterkt i regionen og musea i området viser alt frå billedhuggere, bygningar og fyrhistorie.

Sesongar & årstider

Sommarhalvåret kan by på fantastiske turar og kjekke aktivitetar. Men ikkje undervurder vinteren. Volda har fleire skisenter å vise til, i tillegg til flotte områder med muligheter for turar. Men som dei fleste kystområda, så kan det til tider bli mykje vêr, så hugs varme klede.

Korleis kjem du deg til Volda?

Nærmaste flyplass er Ørsta/Volda Lufthamn Hovden - få minutt unna med gode innanlands ruter.
Gode bussforbindelser til/frå flyplass, Ålesund og Nordfjordeid. Bussruter og tider finn du på www.frammr.no.
Bil er kanskje den enklaste måten å kome seg rundt på. Opplev dei ulike bygdene med å køyre spektakulære vegar og tunnelar, og ikkje minst nyt ei svele på ei av fergene i regionen!

Ting å gjere i Volda

I Volda er det aktivitetar for alle, heile året. Finn din favoritt!

Anders Svor Museum

Anders Svor Museum

Anders Svor-museet ligg idyllisk til ved Hornindalsvatnet. Den arkitektteikna bygninga frå 1953, omgitt av ein vakker skulpturpark, er vigd bilethoggaren Anders Svor.

Topptur til Skoratinden (1002 m.o.h.)

Topptur til Skoratinden (1002 m.o.h.)

Du finner Skoratinden over Rovdestranda, derav det alternative navnet Rovdehornet. Toppen er en karakteristisk taggete topp, men ser mer krevende ut enn den er. Toppen nås lett enten man velger å gå via Myrkevatnet(Skåravatnet) eller går mer bratt opp vestsida. Veien opp via Myrkevatnet byr på det mest varierte turterrenget. Sesong: Mai - oktober. Lengde og høydemeter: 2,5 km. 540 høydemeter. Vanskelighetsgrad: Middels. Tidsbruk: 2 timer Kart: 1119 II Volda Adkomst: Buss (www.fjord1.no) eller bil til Rovde via riksveg 652. Ta av fra riksvegen i retning av Knarrdalen, etter hvert på bomveg til parkeringsmuligheter i Knarrdalen. Gå derfra. Overnatting i nærheten: Kragset Hamn eller Troll Fjordhytter.

Besøk Haula vingård i Hjørundfjorden

Besøk Haula vingård i Hjørundfjorden

Midt i den majestetiske Hjørundfjorden, i den vesle bygda Viddal, vert det dyrka vindruer. Bli med på vinsmaking og omvising på vingarden Haula!

Hornindal Skisenter

Hornindal Skisenter

Eit familievennleg skisenter i eit av dei mest snøsikre områda, med eigen skipark for dei som ynskjer ekstra utfordringer og variasjon. Ein del av Alpepass.

Dagsturhytta på Grodås - Nakkebruna

Dagsturhytta på Grodås - Nakkebruna

Rett over Grodås sentrum finn du den populære dagsturhytta Nakkebruna.

Sivert Aarflot-museet

Sivert Aarflot-museet

I Sivert Aarflot-museet lærer de historia om bondesonen, med 22 dagars skulegang, som vart ein av dei fremste folkeopplysarane på Nordvestlandet.

Fjelltur til Galten frå Mjeltebakkane

Fjelltur til Galten frå Mjeltebakkane

Galten (502 moh) har blitt eit populært turmål og er Sunnmøre sitt svar på Trolltunga. Det er flott utsikt særleg inn Dalsfjorden. Det er også flott å gå vidare til Kornbergveten.

Andaneset friluftsområde i Volda

Andaneset friluftsområde i Volda

På Andaneset er det opparbeida eit fint friluftsområde med badstove, turveg med benkar og bade- og fiskebrygge.

Omvising og smaking hos Hjørundfjord Fruktpresseri

Omvising og smaking hos Hjørundfjord Fruktpresseri

I ni generasjonar har det vore drift på denne garden på Viddal ved Hjørundfjorden. No kan du få omvisning her med smaking, høyre om bygda og kvifor det ligg ein økologisk eplegard akkurat her.

Stadionparken aktivitetspark i Volda

Stadionparken aktivitetspark i Volda

I Volda sentrum er det ein flott aktivitetspark ved Volda stadion. Parken ligg like ved turvegen som går langs Elvadalen og Rotevatnet.

Fottur fra Elvadalen til Årneset

Fottur fra Elvadalen til Årneset

Ei perle av ein tursti midt i Volda sentrum. Her er det badeplass, sandvolleyballbane, diskgolf og Volda jeger- og sportsfiskarlag har naustet sitt her.

Alle aktiviteter tilknyttet Volda

Slik kommer du deg hit

Reiser du med egen bil eller med offentlig transport? Lurer du på hvordan du kommer deg hit? Vi hjelper deg!

Slik kjem du deg til og rundt i Ålesund & SunnmøreSe på kartet

Sove og spise i Volda

Om du treng overnatting eller noko godt å spise i Volda.

Havila Hotel Raftevold

Havila Hotel Raftevold

Havila Hotel Raftevold ligg i hjartet av Vestlandet, nær Geiranger og Stryn. Den vakre hagen ligg vendt mot Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet.

Volda Turisthotell

Volda Turisthotell

Intimt hotell nær sentrum i Volda – med sjøutsikt, god mat, frukost inkludert og møtefasilitetar for små og store arrangement.

Irenegarden

Irenegarden

Feriehuset og fjordutsikta som er vanskeleg å gløyme! Vi kan tilby deg eit opphald i omgjevnader som gjer at alle kan kjenne seg heime.

Alle overnattingssteder tilknyttet Volda

Kommende arrangementer

Du er kanskje også interessert i

Hjørundfjorden

Hjørundfjorden

Midt mellom dei taggete og steile Sunnmørsalpane, skjer Hjørundfjorden seg 35 km innover i landet. Små bygdeperler ligg på rekke og rad og ønsker deg velkomen.

Runde & Sunnmørskysten

Runde & Sunnmørskysten

Ytre, søre Sunnmøre er den upolerte og utadvende naboen til Ålesund. Eit øyrike med små stader og store opplevingar.

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement