Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Bygder og steder

Runde & Sunnmørskysten

Ytre, søre Sunnmøre er den upolerte og utadvende naboen til Ålesund. Eit øyrike med små stader og store opplevingar.

Fugleøya Runde
© Kristin Støylen

Dagsturer på Runde og søre Sunnmøre

Sunnmørskysten har eit breidt utvalg av turar du kan gjere frå dei lokale tettstadane i regionen.

Då isen trekte seg tilbake etter den siste istida for rundt 10.000 år sidan, var det her ute på kysten dei første menneska busette seg. Med båt og fangstreiskap skaffa dei seg mat, med båten kunne flytte på seg og halde kontakt med folk på andre øyar og i fjordane. Gjennom tusenvis av år har det handla om havet og grøda frå den blå åkeren. 

Båt og kystkultur set sitt preg også i dag både i samfunnet og på musea i området. Helleristningar og vikingskip, jekteskute og ishavsskute fortel om fortida, medan verft, fiskebåtar og offshoreskip viser dagens kystkultur og eit folkeslag som har blikket retta utover og kombinerer eldgamal kunnskap om havet med framtidsretta høgteknologi. Besøk gjerne Ishavsmuseet på Hareid og Herøy kystmuseum i Herøy for å lære meir om tradisjonar

Lundefugl og gullskattar

Yst ute i havgapet i Herøy kommune ligg den sagnomsuste fugleøya Runde. Øya har ca.150 fastbuande innbyggarar, men frå april til august kvart år, er det hekkesesong, og meir enn 100.000 fuglar inntek øya. Rundt 80 arter hekkar på fugleøya, og over 230 arter er registrert på Runde i alt. Den majestetiske havørna kan du observere heile året, men for å oppleve lundefuglen, så må du kome mellom byrjinga av april og august. Kvar sesong har si særeigne oppleving. 

Runde har eit fint turterreng, og ein vandretur ut til det historiske fyret, der fyrvoktarbustaden i dag er ei DNT-hytte, kan anbefalast. Der kan ein virkelig oppleve kreftene til storhavet på haust og vinter. Det røffe veret gjorde også til at det nederlandske handelsskipet Akerendam forliste ei vinternatt i 1725, lasta med store mengder myntar. Først nesten 250 år seinare gjorde tre dykkarar eitt av dei største myntfunna i Europa, kjent som Rundeskatten. Delar av skatten kan du sjå på Runde Miljøsenter. 

Byar og tettstader i regionen

Ulsteinvik er ein sjarmerande kystby kjend for verftsindustri og storslått natur. I sentrum kan du finne små nisjebutikkar, du kan bo godt, og det er fleire sjarmerande stader som serverar god sunnmørsk lokalmat.

Fosnavåg ligg i hjartet av sunnmørskysten og Havlandet. Nært til attraksjonar som fuglefjellet på Runde, og storhavet som nærmaste nabo. Det er og kort veg til flotte fjellturar samstundes som du kan bo sentralt.

Hareid er ei sjarmerande lita bygd på Sunnmøre, men lang historie og nært beliggande til ishavsbygda Brandal. Mykje lokal krisgshitorie og korleis folk livberga seg på havet er sentralt i regionen.

Kystlandskapet

Her finn du lettgådde kystfjell, lyngheiar og eit øyrike med eit mylder av store og små øyar, holmar og skjer. Mange av øyane er knytte saman med bruer og vegar som er ei oppleving i seg sjølv å køyre på. Opplev gjerne øyane frå sykkelsetet, på ein havsafari med RIB, fot- eller fisketur. Kva med eit gourmetmåltid på Kami Skotholmen, ein restaurant du kun kjem til med båt frå Fosnavåg, eller kanskje du vil padle kajakk dit? Overnatt i havgapet på Sandsøya, Tunheimsfjøra, Flø, Fosnavåg eller på andre av dei små stadane her ute, og få med deg solnedgongen frå for eksempel Mulevika eller Hidsneset.

Korleis kjem du deg til Runde og søre Sunnmøre

Det er to flyplassar i nærheita, Ørsta - Volda lufthamn og Ålesund lufthamn Vigra. Begge med gode innanlandsforbindelser. Ålesund har i tillegg og gode forbindelser til utland heile året.

Du kan og velge den spektakulære sjøvegen, med Hurtigruten eller Havila Kystruten. Desse stoppar i Torvik, 10 minutt frå Fosnavåg. 

Offentleg transport: Buss frå Bergen og Oslo korresponderer med buss til for eksempel Hareid, UIsteinvik og Fosnavåg. I tillegg til turar frå Ålesund med “Travel like the locals”.

Om du vil køyre bil, så er øyane knytte saman til fastlandet med undersjøisk tunnell til Ørsta, eller med ferje frå Hareid til Sulesund i retning Ålesund. Det er også gode ferjesamband sørover mot Nordfjord.

An icon of trees

Reiseinspirasjon

Les meir om regionen og finn inspirasjon til å planlegge turen din.

Fugleøya Runde - Sunnmøre

Ekte gullskatter og hekkende lundefugler

Ytterst i havgapet sør for Ålesund kan du besøke fugleøya Runde. Øysamfunnet på Søre Sunnmøre har normalt rundt 150 fastboende, men fra april til august hvert år er det hekkesesong og mange tusen fugler inntar øya.

Les flere artikler om Nordvestlandet

Aktivitetar og attraksjoner på sunnmørskysten

Finn din favorittaktivtet, eller planlegg ein roleg tur til havgapet.

Herøy Kystmuseum

Herøy Kystmuseum

Kystmuseet er den gamle handelsstaden frå 1700-1800-talet, med autentiske bygningar og utstyr frå ulike tidsepokar. Museet tilbyr aktivitetar og opplevingar.

Galleri R/ART i Fosnavåg

Galleri R/ART i Fosnavåg

Omvisning på kunstgalleriet hos Horisont mellom fiskebåtene i øyriket Fosnavåg like ved Runde.

Fjøreforskar for ein dag på Runde

Fjøreforskar for ein dag på Runde

Gror det ei forskarspire i magen din? Bli med på ein forskartur i fjøra med ein naturrettleiar frå Runde Miljøsenter og forske på dei snodige skapningane i fjøra.

Kvitneset

Kvitneset

Kvitneset ligg på den nordlege spissen av Hareidlandet i havgapet ved inngangsporten til Storfjorden og Breisundet.

Runde Miljøsenter – Besøkssenter og opplevingar

Runde Miljøsenter – Besøkssenter og opplevingar

Aktivitetar og opplevingar for store og små – lær om fuglelivet, gullskatten og nyt ein pause i kaféen på Runde Miljøsenter.

Lundesafari - guida fjelltur til fuglefjellet på Runde

Lundesafari - guida fjelltur til fuglefjellet på Runde

Bli med på ei magisk oppleving der land møter storhavet. På ein kveldstur til fuglefjellet kjem du tett på lundefuglen.

Guida tur til Runde Fyr

Guida tur til Runde Fyr

På ein guida fjelltur til Runde fyr fortel naturrettleiaren frå Runde Miljøsenter historiar frå øya, eit fantastisk skattefunn og naturkunnskap frå Runde.

Fottur langs Kvanndalsveien - Kleivamannen

Fottur langs Kvanndalsveien - Kleivamannen

Flott tur på gruslagt turveg på fjellrygg over Børevatnet og opp til Kleivaskaret med flott utsyn.

Valborgsamlinga - Museum

Valborgsamlinga - Museum

I Thue gamle skule finn du Valborgsamlinga, ei utstilling av gamle lokale bruksting, tekstilar, gardsreiskap, fiskereiskap og eit innreid skulerom slik det var tidlegare.

Ishavsmuseet Aarvak – polarhistorie i Brandal sør for Ålesund

Ishavsmuseet Aarvak – polarhistorie i Brandal sør for Ålesund

I den vesle kystbygda Brandal sør for Ålesund ligg eit av Noregs mest særeigne spesialmuseum, vigd til ei innhaldsrik fangst- og polarhistorie.

Blåtinden

Blåtinden

Blåtinden (ved Haddalfjell) på 697 m.o.h. er den høgste toppen på Hareidlandet.  Det er fleire alternative ruter opp til toppen, frå blant anna Haddal og Gjerde, og turen kan gjerne kombinerats med Kongsvollen, 683 m.o.h. Utsikta frå toppen av Blåtinden inkluderer blant anna Vartdalsfjorden, Ørstafjorden og øyane mellom Hareidlandet og Gurskøy. Ruta som er skildra her, startar i Eiksund. Ein går eit stykke gjennom skogen før ein kjem opp på snaufjellet og har flott utsikt til fleire fjordar (Volda, Ørsta, Rovde, Vartdal), utsyn mot Sunnmørsalpane og når ein kjem på toppen er det også flott utsyn mot øyane på Ytre Søre Sunnmøre. Sunnmøre viser fram alle sine flotte sider,- fjord, fjell, øylandskap og hav!

Rundebranden

Rundebranden

Rundebranden er det tredje største fuglefjellet i Norge, og har et yrende fulgeliv, så vel som et stort artsutvalg av planter. Toppen ligger på omtrent 300 meter, og gir utsyn over storhavet, øyriket, og fastlandsfjellene fra Stadt til Eide på Nordmøre. Det finnest stier fra nord og sør, og turen går gjennom delvis myrlendt terreng til fjellplatået. 

Alle aktiviteter tilknyttet Runde & Sunnmørskysten

Spis & Bo

Her er mange unike plassar å velge i når du skal finne ein plass å sove. Og husk å få med deg ein smak av sunnmøre når du er på besøk.

Christineborg Gjestehus

Christineborg Gjestehus

Bu tett på naturen på fugleøya Runde. Christineborg Gjestehus tilbyr komfortabel overnatting med frukost, nær havet, fjella og fuglefjellet.

Troll Fjordhytter

Troll Fjordhytter

Troll Fjordhytter ligger idyllisk til på solsiden i Syvde, i Vanylven kommune. Hyttetunet består av 6 flotte hytter, parkeringsplass og idyllisk uteplass.

Hakallevær - Sjøhus og ferieleiligheter

Hakallevær - Sjøhus og ferieleiligheter

På Hakallevær i havgapet sør for Ålesund, får du spektakulære solnedganger og naturkreftene tett på. Finn roen, ta en padletur, fisketur eller gå Hakalletrappa.

Flø Feriesenter

Flø Feriesenter

I Ulsteinvik finn du vakre Flø Feriesenter med campingområde og åtte hytter. Her kan du campe i den vakre naturen eller nyte komforten.

Fosnavåg Gjestebrygge

Fosnavåg Gjestebrygge

Ypperlig stoppested før / etter Stadt. Lun fin havn som har det meste.

TunheimsFjørå Lodge

TunheimsFjørå Lodge

På vakre nordvestkysten av Norge er naturen stadig skiftende og en fantastisk opplevelse. Bo hos oss og bli en del av de norske fjordene!

Kråen Gard

Kråen Gard

Bo i miljøvennlige mikrohus på gardstunet. Her kan du finne ro og nyte utsikta over fjorden, fjella i syd og storhavet i vest.

DNT Runde Fyr - Overnatting

DNT Runde Fyr - Overnatting

Runde fyr ligger på Kvalneset på nordvestspissen av den kjente fugleøya Runde. Det er et av 80 fredete fyr i Norge.

Bo og bad hos Quality Hotel Ulstein

Bo og bad hos Quality Hotel Ulstein

Bad, lek og kvalitetstid i Ulsteinvik. Bo på Quality Hotel Ulstein og kombiner komfortabel overnatting med Ulsteinbadet for hele familien.

Alle overnattingssteder tilknyttet Runde & Sunnmørskysten
Et merkeikon

Bli kjend med sunnmørskysten

Runde & Sunnmørskysten består av fleire kommunar med spennande aktivitetar og flotte turområder.

Overåsanden strand i Hjørungavåg ved Hareid, med utsikt over fjorden.

Hareid

Hareid ligg på søre Sunnmøre, med kort reise til Ålesund og nærleik til Runde og Sunnmørsalpane. Her finn du fjellturar, kyststiar og ope hav.

Turgåere og utsikt fra Hasundhornet i Ulstein.

Ulstein

I Ulstein møtest storhav og småbymiljø, fjord og fjell, kvardagsliv og kysthistorie. Her ventar familievennlege opplevingar – frå sandstrender og fjellturar til små bygleder og kystliv. Alt berre ein kort køyretur frå Runde, Hareid og resten av vakre søre Sunnmøre.

Sande

Sande ligg lengst vest i havgapet på Sunnmøre, spreidd over fleire øyar med storhavet like utanfor stovedøra. Her finn du Dollsteinhola, ei av landets mest særeigne fjellholer, og fjellturar med utsikt over hav og øyar i alle retningar.

Hakalletrappa

Vanylven

Vanylven ligg lengst sørvest på Sunnmøre, og byr på mektige landskap, ekte kystkultur og gode naturopplevingar. Her kan du gå Hakkaletrappene, bade på Sandvik-sanden eller utforske dei gamle olivinbrota langs Åheimselva – med rolege bygder som Fiskå, Syvde og Rovde som utgangspunkt.

To personer på fuglefjellet Runde, med havutsikt og grønne marker.

Herøy

Herøy og Fosnavåg byr på levande kystkultur, med fiske og offshorenæring i kvardagen, og kort veg til fugleøya Runde og dramatiske kyststiar på Sunnmøre.

Se alle attraksjoner i Nordvestlandet

Ting å gjøre på Runde og Sunnmørskysten

Her er en oversikt over ting å gjøre på Runde og Sunnmørskysten, i dag eller de nærmeste dagene.

Slik kommer du deg hit

Reiser du med egen bil eller med offentlig transport? Lurer du på hvordan du kommer deg hit? Vi hjelper deg!

Slik kjem du deg til og rundt på NordvestlandetSe på kartet

Kommende arrangementer

#visitalesund

Visitalesund

  • Facebook

    @visitalesund

  • Instagram

    @visitalesund

  • YouTube

    visitalesund

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement