Hopp til hovedinnhold

Området ligg 6 kilometer frå Hareid. Dei siste 2 kilometrane er smal grusveg og det vert anbefalt å parkere i Brandal sentrum eller ved «steinbrotet» på veg ut til Kvitneset. Turen frå Brandal sentrum til Kvitneset tek om lag 30 minutt til fots. Skal du til Kvitneset er det fint å besøke Ishavsmuseet også.

Området er kjent frå andre verdskrig då tyskarane brukte det som kystfort frå 1941 og til krigen tok slutt. Då tyskarane kom til Brandal i 1941, tok dei seg inn i private heimar og brukte skulen i bygda til eit midlertidig hovudkvarter. På Kvitneset måtte lokalbefolkninga vere med på bygging av fortet og på det meste var arbeidsstyrken oppe i 140 mann. Det blei mellom anna bygd skytestillingar, fangeleir, kommandobunker, panservernstilling og ei rekkje tunellar og holer i berget for lagring av ammunisjon. I alt var det stasjonert 96 soldatar og 4 offiserar ved fortet då krigen tok slutt. Til vanleg var talet på russarfangar rundt 60, men på et tidspunkt var de opp i 120. 

I dag er mesteparten av desse stillingane framleis synlege sjølv om noko er forfalt og overgrodd. Området blir i dag brukt som eit populært turområde og beiteområde for sauer. På Kvitneset kan du oppleve historie, natur, sjøluft, fantastiske solnedgongar og dei store bølgene frå ope hav på uvêrsdagar.  

Kontakt

Adresse:
  • Kvitneset
  • 6060 Hareid
Telefon:
E-post:
Nettside:
www.hareid.kommune.no

Fasiliteter

Barnevennlig:
Sesong:
  • Vinter
  • Vår
  • Høst
  • Sommer

Hvor er Kvitneset?