Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Bygder og steder

Hareid

Hareid ligg på søre Sunnmøre, med kort reise til Ålesund og nærleik til Runde og Sunnmørsalpane. Her finn du fjellturar, kyststiar og ope hav.

Overåsanden strand i Hjørungavåg ved Hareid, med utsikt over fjorden.
© Cecilie Hatløy/ visitalesund.no

Hareid ligg ytst på Hareidlandet, med fjord, fjell og hav samla på ein liten stad. Start dagen med utsikt frå Melshornet (668 moh), før du tek turen ned til sjøen. Ved Overåsanden finn du ei av dei finaste badestrendene i området, rett ved nasjonalmonumentet som minnest slaget ved Hjørungavåg. I kystbygda Brandal kan du oppleve rik polarhistorie ved Ishavsmuseet Aarvak, eller bli med ishavsskuta Polarstar frå 1948 ut på fjorden og Hjørundfjorden. Landskapet er ope og tilgjengeleg, og gir rom for både korte turar og lengre opplevingar.

Kommunesenteret Hareid er eit naturleg trafikknutepunkt på søre Sunnmøre. Ferja til Sulesund tek om lag 23 minutt og går ofte, hurtigbåten fraktar deg rett til Ålesund sentrum, og Eiksundsambandet knyter staden saman med Ørsta og Volda utan ferje. Kort veg tek deg også vidare ut til øyane. Det gjer staden til eit fint utgangspunkt for å utforske heile regionen – frå fugleøya Runde til dei dramatiske fjella i Sunnmørsalpane.

Hareid har også eit aktivt lokalsamfunn med arrangement, idrett og kultur gjennom året. I sentrum ligg fleire koselege kafear, mellom anna Millennium og Mjøl og Meir. Sistnevnte serverer også nydeleg kaffi frå kaffebrenneriet Jacu. Dette er gode stopp for ein matbit før du reiser vidare på oppdagingsferda. Her lever kystkulturen vidare, tett på havet og menneska som brukar det. Det er ein stad der du lett kjem tett på – både naturen og kvardagen.

Se og gjer i Hareid

Frå fjelltur til Melshornet og kystvandring på Rotarystien, til museumsbesøk i Brandal og båttur med ishavsskuta Polarstar – her er eit utval av opplevingane i og rundt Hareid. Kort veg tek deg vidare til opplevinar på Runde, i Ulstein og Ålesund.

Ishavsmuseet Aarvak – polarhistorie i Brandal sør for Ålesund

Ishavsmuseet Aarvak – polarhistorie i Brandal sør for Ålesund

I den vesle kystbygda Brandal sør for Ålesund ligg eit av Noregs mest særeigne spesialmuseum, vigd til ei innhaldsrik fangst- og polarhistorie.

Fjordtur med ishavsskuta Polarstar frå Brandal

Fjordtur med ishavsskuta Polarstar frå Brandal

Stig om bord i Noregs første stålbygde selfangstskute frå 1948 og opplev Hjørundfjorden og Sunnmørskysten slik dei gamle ishavsfararane kjende han.

Fottur på Rotarystien

Fottur på Rotarystien

Hareidselva renn frå Grimstadvatnet til sjøen. Langs elva og vatnet er det gruslagt tursti, kalt Rotarystien.

Kvitneset

Kvitneset

Kvitneset ligg på den nordlege spissen av Hareidlandet i havgapet ved inngangsporten til Storfjorden og Breisundet.

Brandal badestrand

Brandal badestrand

Sørvendt strand midt i sentrum av ishavsbygda Brandal.

Melshornet i Hareid – fjelltur med panoramautsikt over Sunnmøre

Melshornet i Hareid – fjelltur med panoramautsikt over Sunnmøre

Ein 7 km fottur til Melshornet (668 moh) i Hareid, med jamn stigning og storslått utsikt over Sunnmøre.

Overåsanden

Overåsanden

Det er ikkje naudsynt å reise til Syden når ein har Overåsanden!

Nasjonalmonumentet ved Hjørungavåg

Nasjonalmonumentet ved Hjørungavåg

Ved Overåsanden kan du besøke det flotte nasjonalmonumentet over slaget ved Hjørungavåg.

Alle aktiviteter tilknyttet Hareid

Overnatting i og rundt Hareid

Hareid har eige tilbod for bobilturistar midt i sentrum. Skal du overnatte i meir tradisjonelle former, ligg Ulsteinvik og Ålesund nærast — med fleire alternativ også i Herøy, Runde, Ørsta og Volda, alt etter kvar turen går vidare.

Hareid Bubilparkering

Hareid Bubilparkering

Bubilparkering i Hareid sentrum ved Storfjorden

Quality Hotel Ulstein

Quality Hotel Ulstein

Med havgapet som nabo og Sunnmøres natur rett utenfor døren, er dette hotellet et perfekt utgangspunkt for konferanser, familieopphold og naturopplevelser.

Hotel Noreg

Hotel Noreg

Velkommen til Hotel Noreg – hotellet ligger midt i hjertet av Ålesund, med kort avstand til byens severdigheter, restauranter og shopping.

Alle overnattingssteder tilknyttet Hareid

Slik kommer du deg hit

Reiser du med egen bil eller med offentlig transport? Lurer du på hvordan du kommer deg hit? Vi hjelper deg!

Slik kjem du deg til og rundt på NordvestlandetSe på kartet

Kommende arrangementer

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement