Hopp til hovedinnhold

Den kanskje finaste badestranda på Sunnmøre finn du ved Nasjonalmonumentet på Overå. Det er ei austvendt, langgrunn strand med flott sand og gode høve for parkering. Avstand til Hareid sentrum er tre kilometer.

Kjøp med deg noko god mat frå ein av butikkane eller spisestadane på Hareid og nyt late sommardagar på stranda eller på berga ved Overåsanden. På flytebrygga i tilknyting til berga kan du enkelt legge til med båt. 

Nasjonalmunumentet som står ytst på berga er eit minnesmerke over slaget ved Hjörungavágr i år 986, sjølv om det er mange meiningar om kvar slaget eigentleg sto. Håkon jarl og sonen Eirik sin siger over den danske invasjonshæren, støtta av dei berykta jomsvikingane var eit viktig skritt mot ei reell rikssamling av Noreg. Hareid kommune tok derfor initiativet til ein storstilt tusenårsfest i 1986 der blant anna dette minnesmerket blei reist.

Kontakt

Adresse:
  • 6063 Hjørungavåg
Telefon:
E-post:
Nettside:
www.hareid.kommune.no

Fasiliteter

Parkering:

Hvor er Overåsanden?