Ishavets Grand Old Lady
M/S Polarstar er inga vanleg turistbåt. Ho er Noregs første selfangstskute bygd i stål, sjøsett i 1948, og har i meir enn 50 år kjempa mot brottsjø og skruis i nokre av verdas tøffaste farvatn. Ho har vore sysselmannsskute på Svalbard i nær 10 år, ekspedisjonsfartøy på Grønland, passasjerbåt i Arktis og utført faste oppdrag for Norsk Polarinstitutt. Kondemnert og redda frå opphogging to gongar, stod ho ferdig restaurert og verna i 2017.
I dag ligg Polarstar til kai i Brandal på Hareid, og tek gjester med inn i fjordane på Nordvestlandet.
Fjordtur med historia om bord
Frå Brandal opnar Hjørundfjorden og Sunnmørskysten seg. Ombord på Polarstar er turen noko anna enn eit vanleg fjordcruise: du sit i ein skute med ei eiga livshistorie, omgitt av tre, stål og detaljar som fortel om tiår i ishavet. Mange turar går innover den vakre Hjørundfjorden, andre til fugleøya Runde ytst mot storhavet. Programmet varierer gjennom sesongen.
Polarstar kan også leigast til private arrangement, bedriftsturar og møter, med plass til inntil 50 passasjerar. Lunsj eller middag kan serverast om bord.
Kombiner eit fjordcruise med museumsbesøk
Ei av dei mest populære kombinasjonane er fjordcruise med Polarstar og etterfølgjande middag og omvising på Ishavsmuseet Aarvak, som ligg rett ved kaia i Brandal. Her får du den fulle historia om selfangsten, overvintringsfangsten og kystsamfunnet som Polarstar var ein del av.
Praktisk informasjon
Polarstar går på bestilling i perioden 1. mai til 30. oktober. Avgang frå Brandal, med moglegheit for oppstigning frå Skansekaia i Ålesund. Ta kontakt for program, ledig kapasitet og prisar.
Sjå også
Ishavsmuseet Aarvak i Brandal fortel historia bak Polarstar og heile ishavsmiljøet i Brandal, med fire faste utstillingar og ishavsskuta Aarvak frå 1912.
