Hopp til hovedinnhold

Melshornet ligg i Hareid og når 668 meter over havet. Turen er om lag 7 kilometer tur/retur, med rundt 560 høgdemeter stigning, og du bør rekne med 2 til 3 timar. Stien er stort sett tørr og tydeleg, med god merking heile vegen, så turen passar godt for deg som er i vanleg god form.

Panoramautsikt over Sunnmøre

På toppen har du ei vid og flott utsikt i alle retningar: mot vest Ulstein og øyane i Herøy, mot nord Breisundet og Nordøyane, mot aust inn Storfjorden mot Ørskog, og mot sør Vartdalsfjella og Sunnmørsalpane. Ei flott sikteskive viser namna på dei fleste fjelltoppane, og her står også ein stor varde.

Slik kjem du deg dit

Frå Hareid sentrum køyrer du fv. 35 mot Hjørungavåg og vidare til Ulset, ei strekning på om lag 8 kilometer. På høgda av Ulsetleitet finn du ein mindre parkeringsplass med eit skilt som viser råsa mot Melshornet. Her står også ei info-tavle med kart og luftfoto av turområdet og skildring av turen. Første del av turen går på skogsveg, deretter på god sti med nokre våtare parti innimellom. Frå ryggen og til toppen er stien tørr og fin, men den siste stigninga går du på stein og ur, så gode sko er å anbefale.

Kontakt

Adresse:
  • Ulset
  • 6060 HAREID
Telefon:
+47 70 30 98 00
E-post:
info@visitnorthwest.no
Nettside:
www.hareid.kommune.no/turistinformasjon

Hvor er Melshornet i Hareid – fjelltur med panoramautsikt over Sunnmøre