Stadionparken ligg i Volda sentrum, ved Volda stadion og like ved turvegen som går langs Elvadalen og Rotevatnet, i skuggen av Rotsethornet.
Her finn du klatrepark, skatepark, ballbinge, dirtpark, treningspark med apparat, kenguruområde og bilbane for barn. Området har asfalterte vegar for trehjulssykkel, sykkel og tråbilar, med skilt og trafikkmerking i vegbanen, slik at barna kan leike og lære seg trafikkreglar samtidig.
I tillegg er det laga til eit rekreasjonsområde med grindløe, benkar og bålpanne, der du kan slå deg ned etter aktivitetane.
Parken er eit samarbeid mellom Friluftsforeninga Volda, VTI Allianse og Volda kommune, som no har teke over vedlikehald og tilsyn med anlegget. Stadionparken passar difor godt for barnefamiliar som ynskjer eit avbrekk frå ein tur langs Elvadalen, eller berre ein enkel aktivitet i sentrum av Volda.
Herfrå er det kort veg til badeplassar, sandvolleyballbaner, fotballstadion, diskgolf, matservering og butikkar.