Hopp til hovedinnhold

På Haula gard i den vesle bygda Viddal i Hjørundfjorden er vinbonde og sommelier Nina i gang med å dyrke vindruer. Draumen er å lage naturleg, berekraftig og musserande vin, like frisk og levande som fjorden og fjella rundt.

Omvisning og vinsmaking

Bli med på omvising i vinmarkene og høyr den fascinerande historia om folket, livet ved fjorden og garden Haula. Du får og smake på vin lik den dei er i ferd med å dyrke på garden.

Historie

Verten er eigaren sjølv, Nina. Våren 2015 tok ho over garden som har vore i familiens eige sidan 1615. I nesten eit halvt tusenår har den gått frå generasjon til generasjon og vore driven av uthaldande fiskarbønder fylt av vilje, tolmod og pågangsmot. Nina fortset drifta på eige vis, og gjer sitt for åskape eit livsgrunnlag tilpassa ei ny verd, med vilje, kunnskap og berekraft i høgsetet.

"Working the soil since 1615"

Korleis kjem du deg hit?

Med bil: via Stryn eller Volda (avkjørsel ved Kvivsvegen)
Med båtskyss: Christian Gaard eller Tommy Riise Olsen (tlf.: 48 17 84 37)

  • Facebook logo
  • Instagram logo

Priser

Grupper 6 - 20 personer (per person):
NOK 950
Gruppe 1 - 5 personer:
NOK 5 000

Kontakt

Adresse:
  • Viddal 50
  • 6190
  • Volda
Telefon:
+47 92 03 93 65
E-post:
nina@haulavineyard.com
Nettside:

Fasiliteter

WIFI/Internett:
Toalett:
Sesong:
  • Vår
  • Høst
  • Sommer

Hvor er Besøk Haula vingård i Hjørundfjorden?