Hopp til hovedinnhold

Den kalde og snøsikre regionen, i samspel med snøproduksjon, legg årleg til rette for ein fantastisk skisesong for gjestane sine. Hornindalen tilbyr vidstrakte område som passar godt for frikøyring og fungerer som ein utmerkt startpunkt for ei rekke toppturar.

Om bakkane og trekka

Skibakkane tek utgangspunkt i det 1487 meter lange T-korktrekket Hornindalsheisen, eitt av dei lengste skitrekka i Norge, og det nye 500 meter lange tallerkentrekket SpareBank 1 Rekrutten. Frå toppen av Hornindalsheisen på 750 m.o.h. er det to preparerte hovudnedfartar på 1.650 meter: Fossehenget på vestsida og Tverrløypa på austsida. Sistnemnde med flomlys heile vegen, som gjer det til den lengste belyste nedfarten i regionen. Fleire parallelle løyper og ulike avstigningar gir eit stort utval i variasjonar og vanskelegheitsgrader.

Familievennleg

Anlegget er godt eigna for born og nybyrjarar med eit 500 meter langt tallerkentrekk som går parallelt med nedre del av Hornindalsheisen. Her er det opparbeidd ein hovudnedfart og skicross, begge på 500 meters lengde med heng/svinger der gjestene kan velje vanskegrad sjølv, alt etter kva sporval ein køyrer. Kombinasjonen av heis og nedfart er spesielt lagt opp til nybyrjarar i alle aldrar og ferdigheitsnivå, der ein kan øve steg for steg og utvikle ferdigheitene sine.

Skipark

I tillegg til SpareBank 1 Rekrutten er det på austsida av Hornindalsheisen opparbeida skiparkområde med hopp, park og rails mm. for dei som ynskjer ekstra utfordringar og variasjon.

Parkering og korleis kome seg hit

Parkeringa ved skisenteret er avgiftsbelagt.

Hornindal Skisenter ligg i Grendadalen i Hornindal. Frå krysset mellom E-39 og Fv-60 mot Indre Hornindal er det 4,5 km og skilta veg til skisenteret.

Alpepass

Se alle tilbudene til Alpepass

Tider

Sesong november 2023 - Mars 2024

Ukedager:
Stengt
Lørdag:
10:30–16:30
Søndag:
10:30–16:30

Kontakt

Adresse:
  • Holebakkane 206
  • 6763 Hornindal
Telefon:
+47 41 68 40 40
E-post:
billett@hornindalski.no
Nettside:
www.hornindalski.no/

Fasiliteter

Varmerom:
Skiskole:
Utstyr til leie:
Langrennsløyper:
Barneløype:
Toalett:
Barnevennlig:
Lysløype :
Off-piste:
Skicross:
Half-pipe snowboard:
Kafé:

Hvor er Hornindal Skisenter?