Museet rommar ei samling på nærmare 600 objekt – frå skisser til fleire av dei mest sentrale arbeida hans. Til dømes gipsskulpturen Ung pike (1895) og bronsefontena Bylgja (1913). Den faste utstillinga gir eit unikt innblikk i Anders Svor sine arbeidsmetodar, motivkrets, typologi og stilutvikling, frå ein detaljert naturalisme via klassisime til symbolisme.

Historia

Anders Svor (1864–1929) utmerkte seg tidleg som treskjerar. I 1882 drog han frå heimbygda Hornindal for å studere ved Den Kgl. Tegne- og Kunstskole i Kristiania, og vidare ved kunstakademiet i København. Etter eit studieopphald i Paris midt i 1890-åra etablerte Anders Svor seg med eige atelier i Kristiania, der han vart buande livet ut. Svor var ein av dei sentrale norske bilethoggarane i sin generasjon. Han er innkjøpt av Nasjonalmuseet og var representert på fleire nasjonale og internasjonale utstillingar.

Opningstider 2022

Ope i perioden 24. juni – 21. august
Onsdag – søndag 11-16
Museet er elles ope etter avtale gjennom året. Ta kontakt.

Inngang:

Vaksen: Kr. 70
Barn (til 18 år): Gratis

  • Facebook logo
  • Instagram logo
  • Trip Advisor logo

Priser

Fra:
NOK 70

Kontakt

Adresse:
  • 6763 Grodås
Telefon:
+47 70 23 90 00
E-post:
post@vitimusea.no
Nettside:
www.vitimusea.no/musea/Svor-museet

Fasiliteter

Toalett:
Parkering:

Hvor er Anders Svor Museum?