Hopp til hovedinnhold

Draumkvedet, vår mest kjende ballade frå mellomalderen, har fått ein fast plass i januarmørkret og rører stadig nye lyttarar. I Førde kyrkje får du høyre Berit Opheim si tolking av dette meisterverket – ei tolking ho har utvikla gjennom eit heilt kunstnarliv. Ho levandegjer historia om Olav Åsteson, mannen som sovnar julaftan og vaknar trettan dagar seinare med sterke og gåtefulle syner.

Med seg har Opheim tre av sine næraste musikkvener:
Karl Seglem (bukkehorn, elektronikk), Nils Økland (hardingfele) og Sigbjørn Apeland (trøorgel).
Saman skaper dei eit uttrykk der folkemusikk, improvisasjon og djup tradisjonsforståing møtest – eit rom der Draumkvedet får ny klang og nye fargar.

Dette er ei sjeldan moglegheit til å oppleve eit av dei mest særmerkte verka i norsk kulturarv, framført av fire av dei mest markante musikarane i landet.

Arrangør: Førdefestivalen

Visninger

Førde kyrkje (Førde)
14. januar, 2026:
19:00

Kontakt

Adresse:
  • Kyrkjevegen 12
  • 6809 Førde
Telefon:
99381404
E-post:
leni@fordefestival.no
Nettside:
www.fordefestival.no/heile

Hvor er Draumkvedet @Førde Kyrkje