Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Byer

Førde

Med elva Jølstra som snirklar seg gjennom landskapet på sin veg mot Førdefjorden har den vesle byen Førde funne si form. Handelssenter og kultursenter med eit rikt tilbod av kafear og spisestader.

Ein person sitter på enden av eit fjell og ser ut over. utsikten er over ein by med masse hus, og ein fjord som går mellom høge fjell
Hafstadfjellet|© Visit FjordKysten og Sunnfjord

Utforsk Førde – Tips til dagsturar

Ser du etter inspirasjon i Førde? Oppdag dei beste dagsturane der kunst, natur og byliv møtest.

Førde er den største tettstaden i Sunnfjord, med rundt 10 000 innbyggarar, og er kjent som eit handelssenter i regionen. Elva Jølstra går gjennom sentrum i Førde og renn ut i Førdefjorden. Langs elva er det laga fleire fine sitjegrupper der ein kan sitte og nyte lyden frå elva. Førde har også eit mangfaldig tilbod av restaurantar og kaféar for ein kvar smak

Kunst og Kultur

I Førde står kunst- og kulturlivet sterkt. Midt i byen ligg Sogn og Fjordane Kunstmuseum, og kvart år i starten av juli vert Førde Internasjonale Folkemusikkfestival arrangert. I Movika ligg Sunnfjord Museum idyllisk til ved Movatnet, og tek deg med på ei stemningsfull reise tilbake i tid. Førde er heimbyen til kunstnaren Oddvar Torsheim, og du kan sjå mange av kunstverka hans i byen.

Den Nasjonale Turistveg Gaularfjellet

Gaularfjellet er ein nasjonal turistveg som er rundt 114 km lang, og ein særs vakker veg med mykje å sjå. På vegen kan du komme nær Likholefossen, der det er blitt laga ei bru slik at du får oppleve fossen midt i vassdraget. Frå Gaularfjellet til Viksdalen kan du gå langs Fossestien, ein godt tilrettelagt tursti med 14 større fossar og 7 vatn. Ved utsiktspunktet "Utsikten", er det panorama utsikt over vegen og Vetlefjorden. Du får oppleve urørt natur og majestetiske fjell.

Huldefossen

Om du ønskjer å oppleve eit unikt naturfenomen bør du besøke Huldefossen ved Movika. Fossen har eit fall på rundt 90 meter. Det er ein majestetisk foss, og landskapet rundt komplimenterer fossen. Det er mogleg å gå nesten heilt bort til fossen, og kjenne på naturkreftene. Tidlegare vart fossen assosiert med naturmystikk, og det ordet passar bra til denne fossen med all sin kraft.

Et merkeikon

La deg inspirere

Finn idear og inspirasjon til din draumeferie i Førde

ein person går på eit fjell. utsikta bak er ein fjord med masse hus i enden. fjorden går i sikk-sakk utover med høge fjell på sidene

Topp 10 ting å gjøre i Førde

Førde er eit naturskjønt knutepunkt, som gir deg tilgang til fjordar, fjell, isbrear, skogar og fossefall, og fungerar som ein ideell base for eventyr.

fire personer står og ser oppover fjellet der dei har stått på ski nedover

Sunnfjord - det nye skiparadiset

Sunnfjord er kjent for flotte bunader og fjordlandskap, men har du sett skimulighetene her?

person som står med hendene opp framfor ein foss.

Buldrande, ville og vakre – fossane i Sunnfjord du ikkje vil gå glipp av!

Sunnfjord byr på ei rekkje ville, vakre og majestetiske fossefall, der naturkreftene verkeleg kjem til sin rett. Frå brusande kaskadar til elegante vassløp som slyngjer seg ned fjellsidene – her finn du naturopplevingar som tek pusten frå deg. Vi gir deg fantastiske fossar du kan oppleve på nært hald!

Utsikt over strynsvatnet

Høstens mest Instagram-vennlige steder på Vestlandet

Utforsk noen av Vestlandets mest fotogene steder! Her finner du fine tips til steder der du garantert får flotte bilder:

Les flere artikler om FjordKysten og Sunnfjord

Aktivitetar i Førde

I Førde vil du finne eit mangfald av aktivitetar. Her er du garantert gode opplevingar!

Sogn og Fjordane kunstmuseum

Sogn og Fjordane kunstmuseum

Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde tilbyr ein unik kombinasjon av moderne kunst og vestlandsnatur.

Huldefossen

Huldefossen

Besøk vakre Huldefossen som er ein av dei mest fotograferte fossane i Fjord Noreg! Berre 10 kilometer frå Førde. Fossen heng over som eit naturens sceneteppe.

Fjelltur til Hafstadkleiva i Førde

Fjelltur til Hafstadkleiva i Førde

Klar for ein bratt utfordring? Start med 180 trappetrinn og følg stien opp til Hafstadfjellet – 706 meter over havet med panoramautsikt over Førde.

Dagsturhytta i Førde - Gytta

Dagsturhytta i Førde - Gytta

Dagsturhytta Gyttakvia ligg på om lag 250 moh, og gir deg ei flott utsikt over Førde by. Dette er den mest besøkte dagsturhytta i regionen.

Sunnfjord Museum

Sunnfjord Museum

Når de stig inn i ei av dei små, lafta stovene på Sunnfjord Museum, stig de inn i livet til sunnfjordingen på 1800-talet.      

Alle aktiviteter tilknyttet Førde

Ting å gjere i Førde

Her er ein oversikt over ting å gjere i Førde, i dag eller dei nærmaste dagane.

Slik kommer du deg hit

Reiser du med egen bil eller med offentlig transport? Lurer du på hvordan du kommer deg hit? Vi hjelper deg!

Slik kjem du deg til og rundt i Fjordkysten & SunnfjordSe på kartet

Sov godt i Førde

Opplev gjestfridom og ro – overnattingar i pakt med natur og kulturarv.

Førde Gjestehus og Camping

Førde Gjestehus og Camping

Frå Campingplassen er det er kort veg til fjell, sjø, villmark og naturvakkert landskap.

Jølstraholmen landskapshotell

Jølstraholmen landskapshotell

Moderne landskapshotell i hjartet av Sunnfjord – unik overnatting, lokale smakar og opplevingar tett på naturen.

Birdbox Langeland

Birdbox Langeland

Birdbox Langeland er ei spektakulær overnatting i fantastiske omgjevnader.

Alle overnattingssteder tilknyttet Førde

Kommende arrangementer

Besøk nærliggande reisemål

Nasjonal turistveg Gaularfjellet

Nasjonal turistveg Gaularfjellet

Den Nasjonale Turistveg Gaularfjellet går langs verna vassdrag og stille fjordarm frå Sunnfjord til Sogn.

Jølster

Jølster

Omringa av mektige fjell og eit idyllisk vatn er Jølster den perfekte destinasjonen for gode opplevingar.

Bygstad

Bygstad

Omgitt av majestetiske fjell og vakre fjorder er Bygstad ein destinasjon å ha på lista si. Her kan du oppleve naturens skjønnheit og lokal kultur på sitt beste.

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement