Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Bygder og steder

Jølster

Omringa av mektige fjell og eit idyllisk vatn er Jølster den perfekte destinasjonen for gode opplevingar.

eit motiv med ein fjord og høge fjell med snøtoppar. det er grøne trer med eit hint av oransje. det er også grøne og oransje element i graset. i midten av bilde står ei jente og ser utover utsikten
Hamanova|© Visit FjordKysten og Sunnfjord

Dagsturar i Jølster

Ønskjer du tips til ting å gjere i Jølster? Her finn du ei oversikt over dagsturar.

Midt i Sunnfjord finn vi eit dalrike. Her kan vi tydeleg sjå kvar breen har vore og kva den har gjort med landskapet. Mellom alle fjella så opnar det seg opp, og der ligg Jølstravatnet. Eit idyllisk vatn som gjenspeglar dalen. Jølster er ideell for deg som liker aurefiske, ein tur med sykkel, kajakk eller ein fjelltur, gjerne i kombinasjon med kultur- og matopplevingar.

Jølstravatnet er kjent som eit særs rikt fiskevatn, med svært godt kvalitet på fisken. Årleg blir det fiska 15 tonn med Jølsteraure. I byrjinga av juni kvart år vert fiskekonkurransen Jølster Aurefest arrangert med heile Jølstravatnet som arena.

I Astrups rike

Gå ikkje glipp av Astruptunet, som er heimen til kunstmalaren Nikolai Astrup, ein av Noregs mest kjente kunstnarar. Han skapte nokre ikoniske portrett av bygda, Nikolai Astrup. Besøker du Astruptunet kan du sjå der han stod ved staffeliet, og kjenne på korleis du sjølv vert påverka av omgjevnadane. Den vakre kunstnarheimen ligg idyllisk til ved Jølstravatnet. Mellom Vassenden og Skei ligg vingarden på Jølst. Her kan du delta på vinsmaking med eigenproduserte fruktvinar.

Fjelltur og brevandring

Jølstravatnet er omkransa av nydelege fjelltoppar og dermed eit godt utgangspunkt for fjellturar. Breen har forma dalar og slipt fjella. Det er fleire fjellturar å velje mellom, noko som betyr at du vil finne ein tur som passar ditt nivå. Om du syntes bre er spennande så er det ein veldig fin tur inn til Haugabreen der du får ein fin utsikt til breen. Ønskjer du å gå på breen kan du få ein guida tur saman med breogfjell. Har du lyst på ein roleg tur etter ein lang dag kan du ta ein tur opp til dagsturhytta. Dette er ein tur som passar alle, og du får ei veldig fin utsikt over Jølstravatnet. Om du jaktar på ei Instagram venleg utsikt så er Hamnanova rette fjellet å gå på. På toppen her ser du ut over Kjøsnesfjorden og Jølstravatnet.

Et merkeikon

La deg inspirere

Finn idear og inspirasjon til din draumeferie på Jølster

to personer står ved siden av sykkelen nærme eit vatn. guten peikar utover. det er høge fjell rundt dei

Topp 10 ting å gjøre i Jølster

Utforsk Jølster, ein unik destinasjon som balanserar kunst, natur og eventyr.

Ei ramme som står langs eit stort vatn. ramma er eit staffeli, inspirert av korleis nikolai astrup sitt var. bilde skal illustrere kor han fann motivene sine frå, jølster. det er høge fjell og snø på toppane rundt vatnet

Ei reise i Astrups rike

Vandre i Nikolai Astrups rike på Jølster og opplev dei sterke naturinntrykka han henta si inspirasjon frå.

fire personer står og ser oppover fjellet der dei har stått på ski nedover

Sunnfjord - det nye skiparadiset

Sunnfjord er kjent for flotte bunader og fjordlandskap, men har du sett skimulighetene her?

FjordKysten og Sunnfjord: Eit paradis for fiskeentusiastar

FjordKysten og Sunnfjord: Eit paradis for fiskeentusiastar

Fjordkysten og Sunnfjord tilbyr ein av dei rikaste og mest varierte ferskvassfiskeopplevingane i Norge. Omringa av dramatiske fjell og djupe skogar, finn fiskeentusiastar ei rekke artar i krystallklare vatn.

Les flere artikler om FjordKysten og Sunnfjord

Aktivitetar i Jølster

I Jølster vil du finne eit mangfald av aktivitetar. Her er du garantert gode opplevingar!

Fjelltur til Hamnanova

Fjelltur til Hamnanova

Ein fjelltur til Hamnanova i Jølster gir deg nydeleg utsikt over Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden. Turen passer heile familien

Astruptunet

Astruptunet

Ta steget inn i verda til Nikolai Astrup, ein av Noreg sine mest kjende kunstnarar, og opplev landskapet som inspirerte hans ikoniske måleri.

Sauna på elvakanten - Jølstraholmen

Sauna på elvakanten - Jølstraholmen

Nyt ein dampande sauna og eit friskt elvabad på Jølstraholmen.

Kveldsfiske med guide - jakt på storfisken i vakre Kjøsnesfjorden

Kveldsfiske med guide - jakt på storfisken i vakre Kjøsnesfjorden

Saman med Nils-Einar frå Kjønes Feriehytter kan du vere med å jakte på storfisken i vakre Kjøsnesfjorden

Helgetur med ro, gode smakar og opplevingar i fokus

Helgetur med ro, gode smakar og opplevingar i fokus

Opplev hausten på Jølstraholmen – to dagar i ei unik Grindasuite med fokus på gode smakar, ro og magiske stunder.

Lundeskaret

Lundeskaret

Lundeskaret er ein ekte fjellklassikar i Jølster. Frå toppen har du nydeleg utsikt over Kjøsnesfjorden

Omvising og smaking på Vingarden på Jølst

Omvising og smaking på Vingarden på Jølst

Opplev Vingarden på Jølst, ein unik fruktvingard. Ope gardsutsal.

Eikaasgalleriet

Eikaasgalleriet

Utforsk kunsten til Ludvig Eikaas, ein av etterkrigstida sine mest banebrytande kunstnarar.

Luksus og mystikk - opplevinga du ikkje finn på Google

Luksus og mystikk - opplevinga du ikkje finn på Google

Jølstraholmen gir deg luksus, mystikk og overraskingar frå start til slutt - ei skjult oppleving du ikkje visste du trengte.

Brevandring på Haugabreen

Brevandring på Haugabreen

Utforsk blåisen på Haugabreen i Jostedalsbreen nasjonalpark. Guidet brevandring for alle – daglege turar i sommar, alt utstyr inkludert.

Alle aktiviteter tilknyttet Jølster

Ting å gjere i Jølster

Her er ein oversikt over ting å gjere i Jølster, i dag eller dei nærmaste dagane.

Slik kommer du deg hit

Reiser du med egen bil eller med offentlig transport? Lurer du på hvordan du kommer deg hit? Vi hjelper deg!

Slik kjem du deg til og rundt i Fjordkysten & SunnfjordSe på kartet

Sov godt i Jølster

Opplev gjestfridom og ro – overnattingar i pakt med natur og kulturarv.

Jølstraholmen Camping

Jølstraholmen Camping

Omgitt av elvar, isbrear og turvennlege fjell, er Jølstraholmen den perfekte plassen for eit aktivt med likevel avslappande opphald, i kontakt med naturen.

Jølvassbu Camping

Jølvassbu Camping

Jølvassbu Camping ligg i naturskjønne omgjevnader ved elva, og er eit godt utgangspunkt for å oppleve mektige Jølster.

Lunde Turiststasjon

Lunde Turiststasjon

Lunde Turiststasjon er ei tradisjonsrik familiedriven overnattingsverksemd med 36 sengeplassar fordelt på rom, hytter og leilegheiter.

Gardsopphald på Vingarden på Jølst

Gardsopphald på Vingarden på Jølst

Nyt eit gardsopphald på Vingarden på Jølst med enkel og rustikk standard. Maks 12 personar fordelt på to soverom og ein sovesal. Delt bad. Frukost er inkludert.

Elvasuiten på Jølstraholmen

Elvasuiten på Jølstraholmen

Ved den vakre elva Jølstra finn du eit av Vestlandets mest unike overnattingsstader.

Jølster Panorama

Jølster Panorama

Velkommen til Jølster Panorama – campingglede i vasskanten!

Høyseth Camping

Høyseth Camping

Høyseth camping ligg innerst i Stardalen ved innfallsporten til Jostedalsbreen Nasjonalpark - midt i hjartet av vakker vestlandsnatur!

Jølsterlia

Jølsterlia

Velkomen til Jølsterlia Hyttetun, idyllisk plassert med panoramautsikt over vakre Jølstravatnet.

Stardalen Hyttegrend

Stardalen Hyttegrend

Stardalen Hyttegrend finn du i vakre Stardalen i Jølster. Bygda under Jostedalsbreen Nasjonalpark.

Alle overnattingssteder tilknyttet Jølster

Kommende arrangementer

Andre stader på Vestlandet

Førde

Førde

Med elva Jølstra som snirklar seg gjennom landskapet på sin veg mot Førdefjorden har den vesle byen Førde funne si form. Handelssenter og kultursenter med eit rikt tilbod av kafear og spisestader.

Bygstad

Bygstad

Omgitt av majestetiske fjell og vakre fjorder er Bygstad ein destinasjon å ha på lista si. Her kan du oppleve naturens skjønnheit og lokal kultur på sitt beste.

Fjærland

Fjærland

Bygda ligg ved Sognefjorden og har Jostedalsbreen, den største breen på det europeiske kontinent, som næraste nabo. Fjærland har 300 fastbuande, og høyrer til Sogndal kommune. Mundal er sentrum i Fjærland og ligg om lag 3 km frå riksvegen.

#fjordkysten #sunnfjord #visitjolster

Følg oss for meir inspirasjon frå Jølster

  • Facebook

    FjordKysten og Sunnfjord

  • Instagram

    FjordKysten og Sunnfjord

  • YouTube

    FjordKysten og Sunnfjord

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement