Astruptunet ligg idyllisk ved Jølstravatnet, omkransa av frodig natur. Her kan du stå der Astrup stod ved staffeliet og kjenne på den same magien som pregar kunsten hans.
For kunstinteresserte og familiar byr tunet på ei reise gjennom Astrup sitt liv og verk. Oppdag og Engel Astrup sin tekstilkunst, som dei siste åra har fått fornya merksemd. Avslutt besøket i den nyrestaurerte kaféen, der du kan nyte heimelaga vaflar, sveler eller lokal kaffi – alt medan du ser utover det vakre landskapet. I museumsbutikken finn du Astrup-reproduksjonar, postkort og lokale handverksprodukt. Eit inspirerande møte mellom kunst og natur for alle generasjonar!
Mat, drikke og museumsbutikk
I kaféen finn du heimelaga kaker og vaflar, med kaffi attåt. Om sommaren har vi òg småis. I butikken har vi eit utval av eigne varer som serviettar, handlenett, t-skjorter og postkort og plakatar.
Omvising
Omvising av grupper må tingast på førehand på tlf +47 99 20 26 76 eller e-post: solber@misf.no. Individuelle besøkande har inkludert omvising i inngangsbilletten om dei ikkje løyser billett kun til galleriet.
Tilrettelegging
Vi ønskjer at Astruptunet skal vere tilgjengeleg for alle. Utfordringa for personar med rørslehemming er at tunet ligg i ei bratt helling. Tilkomstvegen frå parkeringsplassen og opp gjennom tunet er ein bratt, smal grusveg, utan rekkverk - den originale vegen Nikolai Astrup lagde. Den er ikkje anbefalt for rullestolbrukarar. Ta kontakt ved spørsmål.
Sesong
Museet har ope frå medio mai til medio september. Besøk nettsida for detaljerte opningstider.
Berre 20 km frå Astruptunet – finn du Eikaasgalleriet. Med ein av etterkrigstida mest banebrytande kunstnarar. Sesongen 2025 og 2026 kan du oppleve utstillinga “Livnerven - frå stove til atelier” på Eikaasgalleriet. Her vil du møte fleire skikkelsar innanfor vev- og heimeyrketradisjonane i Jølster - og koplingane vidare ut av stovene.