Hopp til hovedinnhold

Huldefossen har eit høgt fall på 92 meter, og er ein av dei mest fotograferte fossane på Vestlandet. Om sommaren er det mange som tek turen innom Mo for å oppleve dei sterke vasskraftene.

Namnet Huldefossen

Før vart fossen kalla for Huldrefossen som lenge var namnet på folkemunne. Men bak dette namnet blei det misforståing og folket assosierte namnet med Huldra og naturmystikk. Mens bøndene nær fossen, på Stevoll og Åsane, har heile tida halde på elvenamnet Hulda og Huldefossen. Hulda er elva frå Åsvatnet til fossetoppen, men også elva vidare oppover frå Åsvatnet til Holsavatnet. Den siste biten har ein skild ut med namnet Strokene fordi det var tungt å ro dette stryket mot Holsen, særleg før 1900-talet, då ein senka Holsavatnet 1 meter. Namnet Huldefossen blei tatt opp att av Huldefossen grunneigarlag på 1980-talet, og er no i allmenn bruk.

Truleg er det slik at elva har fått namnet sitt frå fossen, og ikkje motsett. For Hulda er ei kort elv og finn ikkje på stort anna enn å danne eit spektakulært vassfall. "Hulda er stor i dag” kan ha vore seiemåten for at fossen gjekk stor. Huld tyder ”noko som hyljer seg inn, skjuler seg i slør”, gjerne slik at det er vakkert. Dette er treffande om fossen, ikkje om elva elles. På grunn av det breie, flate vassfallet og hyllene nedover i fossen har Huldefossen alltid vassrøyk rundt seg.

Sikkerheit nær fossen

Ver venleg å respekter at fossen representera sterke naturkrefter, som kan vere farleg. Ikkje berre er straumane sterke om du fell uti, men bakken i nærheita er ofte glatt og våt, mens klippene er bratte og høge. Hald deg til oppmerka sti. Om vinteren er det is rundt fossen, og på våren er vannstanden høg.

Korleis kome seg til fossen

Huldefossen ligg ved Mo og Jølster vidaregåande skule, like ved E39, ca. 10 km frå Førde. Det er skilta inn til parkeringsplass på skulen. Derifrå er det ca. 500 meter å gå over ei trebru, og opp langs elva.

Kontakt

Adresse:
  • 6800 FØRDE
Telefon:
+47 57 61 19 51
E-post:
post@sunnfjord.no
Nettside:

Fasiliteter

Parkering:
Utsiktspunkt:
Barnevennlig:

Hvor er Huldefossen?