Hopp til hovedinnhold
Bestill

Gå på blåisen i Jostedalsbreen nasjonalpark

Kjenn på spenninga av å setje foten på den mektige blåisen i Haugabreen. Her får du oppleve breen på nært hald, i trygge rammer saman med erfarne breførarar.

Kor startar turen?

Haugabreen ligg i Stardalen i Jølster, ein lett tilgjengeleg brearm i Jostedalsbreen nasjonalpark. Turen startar ved parkeringsplassen i Haugadalen, og frå første steg får du både vakker natur og fascinerande historier. Guiden deler innsikt om korleis breen har forma landskapet, og du lærer meir om livet og historiene som knyter seg til isen.

Ved brefoten tar du på deg stegjern, hjelm og sele – alt utstyr er inkludert – og blir knytt saman i tau før vandringa på isen startar. På breen møter du glinsande iskrystallar, sprekker og blåfarga isformasjonar. Opplevinga blir tilpassa deltakarane, slik at alle får ei trygg og minnerik ferd på isen.

Kor lenge vara turen?

Turen varer i om lag seks timar, og du treng ingen forkunnskapar for å delta. Det einaste du bør hugse på, er gode fjellsko som støttar ankelen.

Praktisk informasjon

  • Sesong: Daglege turar mellom juni og august
  • Varigheit: Ca. 6 timar frå parkeringsplassen i Haugadalen
  • Aldersgrense: Passar for både ungdom og vaksne med normal fysisk form
  • Gruppestorleik: Maks 10 deltakarar per breførar
  • Utstyr: Alt nødvendig sikkerheitsutstyr er inkludert i prisen
  • Booking: Seinast kl. 19.00 dagen før

For deg som ønskjer ei meir privat oppleving, er det mogleg å bestille eigen guide.

  • Facebook logo

Priser

Fra:
NOK 4 450

Kontakt

Adresse:
  • 6843 Skei i Jølster
Telefon:
+47 576 78 855
E-post:
post@breogfjell.no
Nettside:
www.breogfjell.no/tur/haugabreen

Fasiliteter

Miljøsertifisert:
Med guide:
Utstyr til leie:
Barnevennlig:
Sesong:
  • Høst
  • Sommer

Grønne sertifiseringer

Brevandring på Haugabreen har fått sertifisering for sin miljøinnsats fra:
  • MiljøfyrtårnMiljøfyrtårn
Miljøsertifisering i privat og offentlig virksomhet, inkludert turisme.

Hvor er Brevandring på Haugabreen