Hopp til hovedinnhold

Brebygda Jølster er eit populært reisemål for aktive eventyrlystne oppdagarar. Med ei rik historie, eit langstrakt vatn og varierte turmål frå alle kantar, ligg alt til rette for gode utandørsopplevingar.

Besøk Astruptunet

Astruptunet ligg idyllisk til på sørsida av Jølstravatnet, og er heimen til målaren, teiknaren og grafikaren Nikolai Astrup. Her skapte han nokre ikoniske portrett av bygda si.

På Astruptunet kan du gå blant kunstneriske skattar og la deg inspirere av den frodige naturen. Hagen var ei sentral inspirasjonkjelde for Astrup, og målet hans var å gjenskape dei sterke naturinntrykka han opplevde. Både bygningar, interiør og gardshage er lett gjenkjenneleg i kunstverka.

© FjordKysten og Sunnfjord

Fjellturar i Jølster du ikkje vil gå glipp av

Jølster er omgitt av fine turmål og toppar på alle kantar, og er difor også eit fantastisk utgangspunkt for gode fjellturar. Fjella byr på variasjon av stigning, noko som gjere at du vil finne ein tur som passar ditt nivå.

Fjelltur for heile familien

Ein fjelltur til Hamnanova, om lag 750 meter over havet, byr på ei fantastisk naturoppleving for heile familien. Turen tek deg gjennom variert terreng med jamn stigning på om lag 350 høgdemeter, og belønninga på toppen er ein storslått utsikt over Jølstravatnet, Kjøsnesfjorden og dei majestetiske fjella rundt.

Utsikta er storslått!
Utsikta er storslått! | © FjordKysten og Sunnfjord

Lundeskaret - ein ekte fjellklassikar i Jølster

Lundeskaret er mykje meir enn ein fjelltur, og truleg det næraste du kjem ein ekte fjellklassikar i Jølster. Stien slynger seg oppover det tronge og naturville skaret inst inne i Kjøsnesfjorden. Lundeskaret er Norges brattaste DNT-merka tursti, så ein bør vere i grei fysisk form og ikkje slite med vonde kne.

Brevandring på Haugabreen

Å gå i taulag på isbreen er ei unik og spennande oppleving for store og små. Haugabreen er ein lett tilgjengeleg brearm i Jostedalsbreen Nasjonalpark, og du kan vere med breogfjell på ein spennande brevandring på blåisen. Viss du ikkje ønskjer å vandre på breen, er turen inn likevel verdt det.

tre personer står og ser opp på breen
Bli med på brevandring på Haugabreen | © Visit FjordKysten og Sunnfjord

Eikaasgalleriet

På Eikaasgalleriet kan du sjå store deler av kunsten Ludvig Eikaas (1920-2010) skapte – som elles er å finne i København, New York, Paris, Firenze og kunstmuseum i Noreg. Jølstringen Eikaas vert rekna som ein av etterkrigstida sine mest markante biletkunstnarar. Han var ein pionér innanfor modernismen i Noreg frå slutten av 1940-talet. La deg fascinere av dei nyskapande verka og utforsk grensene til kunstens verden.

Ved Eikaasgalleriet finn du eit Astrup staffeli. Det er totalt fire staffeli plassert rundt Jølstravatnet
Ved Eikaasgalleriet finn du eit Astrup staffeli. Det er totalt fire staffeli plassert rundt Jølstravatnet | © FjordKysten og Sunnfjord

Sykkeltur i Jølster

Omringa av mektige fjell og eit idyllisk vatn er Jølster den perfekte sykkeldestinasjonen. Sykle langs sørsida av Jølstravatnet. Denne ruta byr på idyllisk landskap på lite trafikkert, og flat bilveg. Kombiner sykkelturen med eit stopp på Astruptunet. Nyt den flotte bygda frå sykkelsetet, og bli inspirert av den flotte naturen rundt deg. Sykkel kan du leige hos fleire aktørar i Jølster

eit dronebilde av ein bru som går over eit vatn. innerst i bilde / dalen står store, høge fjell. det er blå himmel og blått vatn. to personer sykler over brua
© Visit FjordKysten og Sunnfjord

Ønskjer du å fortsette sykkel-etappen din anbefaler vi å legge neste etappe til Stardalen. Dette er ein av dei mest spektakulære dalane i Jølster, omkransa av høge fjell og med Jostedalsbreen som mektig bakteppe. Her finn du ei sykkelløype som kombinerer idylliske stølslandskap, friske elvar og utsyn mot isbrear - eit perfekt val for deg som vil oppleve kontrastane i naturen frå sykkelsetet. Turen er perfekt å kombinere med eit kaffibesøk eller ein piknik.

to personer sykler over ein bru. under brua går det ei elv som er i fargen turkisgrøn. det er grøne trær rundt elva, og høge fjell rundt det igjen. det er grøne element i bilda
© Visit FjordKysten og Sunnfjord

Opplev Jølsters ville natur og brear frå ein kajakk

Bli med på ein eventyrleg padletur på vakre Kjøsnesfjorden og Jølstravatnet. Her kan du padle mellom bratte fjell og eit smeltevatn frå Jostedalsbreen som vil gje grøne spektakulære refleksjonar i vatnet. Jølstravatnet byr og på ei god padleoppleving, der alle Jølsterfjella speglar seg i det blikkstille vatnet.

Du kan leige kajakk hos Jølstraholmen, Jølvassbu camping, eller Lunde turiststasjon.

Kvåleskajakk har guida kajakkturar i Jølster

Fem kajakkpadlarar padlar i Kjøsnesfjorden  mellom bratte fjell. Foto
Å padle på Kjøsnesfjorden er ei mektig opplevelse! | © Visit FjordKysten og Sunnfjord

Bli med å fiske i Jølstravatnet

Jølstravatnet er Nord Europas rikaste aurevatn, og mange turistar, både norske og utanlandske, kjem til Jølster for å prøve fiskelukka. Årleg vert det fiska om lag 15 tonn med Jølsteraure. Ønskjer du å prøve fiskelukka kan du ved Jølvassbu Camping kjøpe fiskekort, leige fiskeutstyr og båt. Dei som driv camping er sjølv ivrige fiskarar og delar gjerne av gode erfaringar.

ein mann står på graset og fisker i elva som suser forbi. det er høg straum i elva. mannen har på seg turklede og caps, og ser ut mot elva. bak han ser du campingbiler bakom trær
Vertskapet på Jølvassbu Camping er ivrige fiskarar | © Visit Fjordkysten og Sunnfjord

Jølster Aurefest

Kvart år i juni vert det arrangert Jølster Aurefest, ein konkurranse der det er om å komme nærast mogleg ei idealvekt på auren. Hovudpremien i konkurransen er ein bil.

Bli med på guida fisketur på Jølstravatnet

Har du lyst til å fiske, men ikkje heilt komfortabel med å gjere det sjølv tilbyr Kjøsnes Feriehytter guida fisketurar på Jølstravatnet. Her kan du enten vere med å lære tradisjonen bak garnfiske, eller reise på kveldsfiske. Guiden legg til rette for at du skal ha ei god oppleving, og stiller med utstyr til turen.


Varm badstu etter ein dag ute

Det er lite som slår kjensla av å gå rett frå ein aktiv dag ute og inn i ein varm badstu. Ved elvebreidda på Jølstraholmen finn du ei sjarmerande badstue, perfekt plassert med utsikt over elva Jølstra. Er du vågal ventar ein forfriskande dukkert i elva før du søkjer varmen att.

© FjordKysten og Sunnfjord

Bli med Jølster Boat Tours på guida båttur

Ein guida båttur med Jølster Boat Tours gir deg ei unik oppleving på Jølstravatnet. Erfarne kapteinar tek deg med ut på vatnet og deler lokale historier, tilbyr fisketurar eller arrangerer spenande blåturar for vennegjengen.

Alle turar vert gjennomført med kaptein og redningvester er inkludert. Jølster er vakkert i all slags vér, men på regnvérsdagar er det lurt å kle seg godt og varmt for ei best mogleg oppleving.

© FjordKysten og Sunnfjord

Finn meir inspirasjon til ting å gjøre i Jølster og omegn