Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Kultur og historie

Ei reise i Astrups rike

Sommar, vår, haust og vinter
Sist oppdatert: 29.08.2025
Ei ramme som står langs eit stort vatn. ramma er eit staffeli, inspirert av korleis nikolai astrup sitt var. bilde skal illustrere kor han fann motivene sine frå, jølster. det er høge fjell og snø på toppane rundt vatnet
© Visit FjordKysten og Sunnfjord
© Visit FjordKysten og Sunnfjord

Vandre i Nikolai Astrups rike på Jølster og opplev dei sterke naturinntrykka han henta si inspirasjon frå.

Nikolai Astrup er ein av Noregs mest kjende kunstnarar. Saman med kona Engel busatte kunstnarparet seg på Astruptunet som ligg ved det idylliske Jølstravatnet.

Astruptunet er eit levande kunstverk i seg sjølv, og hagen på Astruptunet var ei viktig inspirasjonskjelde for kunsten til Nikolai Astrup. Målet hans var å gjenskape dei sterke naturinntrykka han fekk. Både bygningar, interiør og gardshagen vil ein kjenne att i kunstverka, og mykje av dette er skapt og forma av Nikolai Astrup sjølv.

Astruptunet

Astruptunet

Ta steget inn i verda til Nikolai Astrup, ein av Noreg sine mest kjende kunstnarar, og opplev landskapet som inspirerte hans ikoniske måleri.

Nikolai Astrup brukte Jølster som ei viktig inspirasjonskjelde for kunsten sin, og vi forstår godt kvifor. Det vakre Jølstravatnet strekkjer seg som ei blå kjelde gjennom dei tolv grendene, og er den perfekte destinasjonen for gode opplevingar.

to personer sykler på en grussti. det er nærme eit vatn, og eit astrupstaffeli står mellom dei. jenta ser ut mot vatnet, guten ser på jenta
© Visit FjordKysten og Sunnfjord

Opplev Jølsters ville natur og breer frå ein kajakk

Kvåleskajakk vil ta deg med på ein eventyrleg padletur på vakre Kjøsnesfjorden. Her kan du padle mellom bratte fjell og eit smeltevatn frå Jostedalsbreen som vil gje grøne spektakulære refleksjonar i vatnet. På padleturen kan du blant anna skimte motivet av det kjente måleriet "Kollen".

kajakk padler mellom bratte fjell
Padle mellom bratte fjell på Kjøsnesfjorden|© Lillian Herland
kajakk padler mellom bratte fjell

Kvåleskajakk

Kom til Skei i Sunnfjord og ta introkurs eller grunnkurs for å kunne padle på bølgane blå. Guida tur til Kjøsnesfjorden med sin ville natur og breer.

Gastronomiske opplevingar

Matkulturen står sterkt i Jølster, og signaturretten jølstraauren betyr mykje for kjennskapen til bygda. Ca. 15 tonn jølstraaure vert fiska kvart år i Jølstravatnet, og fisken kan du nyte på dei lokale serveringsstadene, både lokale og nasjonalt.

Person fisker med garn frå båten sin. Foto
© Visit FjordKysten og Sunnfjord

Bli med Kjøsnes Feriehytter på fisketur

Les mer om utvalgte sted og attraksjoner fra FjordKysten og Sunnfjord.

Garnfiske med Kjøsnes Feriehytter - ekte opplevingar frå fjord til fat

Garnfiske med Kjøsnes Feriehytter - ekte opplevingar frå fjord til fat

Lær kunsten bak tradisjonelt garnfiske på Jølstravatnet og/eller Kjønesfjorden. Her får du ekte opplevingar frå fjord til fat

Kveldsfiske med guide - jakt på storfisken i vakre Kjøsnesfjorden

Kveldsfiske med guide - jakt på storfisken i vakre Kjøsnesfjorden

Saman med Nils-Einar frå Kjønes Feriehytter kan du vere med å jakte på storfisken i vakre Kjøsnesfjorden

Nikolai Astrup var glad i god mat og drikke, og ein av favorittane var løvetannvin. På Jølst finn du vingarden Vestavin der du kan delta på vinsmaking med eigenproduserte fruktvinar, då blant anna løvetannvin.

Opplev Vingarden på Jølst

Les mer om utvalgte sted og attraksjoner fra FjordKysten og Sunnfjord.

Gardsopphald på Vingarden på Jølst

Gardsopphald på Vingarden på Jølst

Nyt eit gardsopphald på Vingarden på Jølst med enkel og rustikk standard. Maks 12 personar fordelt på to soverom og ein sovesal. Delt bad. Frukost er inkludert.

Gardsutsal på Vingarden på Jølst

Gardsutsal på Vingarden på Jølst

Gardsutsal med produkt frå Vestavin og andre lokale varer. Ope kvar torsdag 16-18. Utvida i sommarsesong og arrangement.

Omvising og smaking på Vingarden på Jølst

Omvising og smaking på Vingarden på Jølst

Opplev Vingarden på Jølst, ein unik fruktvingard. Ope gardsutsal.

Få også med deg

Sunnfjord - det nye skiparadiset

Sunnfjord - det nye skiparadiset

Sunnfjord er kjent for flotte bunader og fjordlandskap, men har du sett skimulighetene her?

Buldrande, ville og vakre – fossane i Sunnfjord du ikkje vil gå glipp av!

Buldrande, ville og vakre – fossane i Sunnfjord du ikkje vil gå glipp av!

Sunnfjord byr på ei rekkje ville, vakre og majestetiske fossefall, der naturkreftene verkeleg kjem til sin rett. Frå brusande kaskadar til elegante vassløp som slyngjer seg ned fjellsidene – her finn du naturopplevingar som tek pusten frå deg. Vi gir deg fantastiske fossar du kan oppleve på nært hald!

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement