Museet presenterer skiftande utstillingar som spenner frå lokale talent til internasjonalt anerkjende kunstnarar – alltid noko nytt å sjå!
Aktivitetar for heile familien
Barna kan utfolde seg kreativt i aktivitetsrommet, medan vaksne kan nyte omvisingar og kunstnarsamtalar.
Arkitektur i verdsklasse
Kunstmuseet er dessutan eit "kunstverk" i seg sjølv. Eit signalbygg som har fått internasjonal merksemd for sin arkitektur. Berre å gå trappa oppover etasjane er som å bevege seg i ein skulptur. Når du først er komen til topps, kan du ta turen ut på takterrassen for utsikt og frisk luft!
Kafé og museumsbutikk
Ta ein pause i kaféen, eller finn inspirasjon i butikken med kunstbøker og designprodukt.
Omvising
Museet tilbyr omvising for grupper på førespurnad på norsk, engelsk og spansk. Ta kontakt for booking.
Tilgjengeleg for alle
Museet har heis og trinnfri ankomst til alle etasjar. Toalett finn du i første etasje, både for rørslehemma og andre.
Opningstider og arrangement
Museet har ope heile året frå tysdag til søndag. Besøk nettsida for aktuelle utstillingar og arrangement.
Berre 10 km frå Kunstmuseet kan du oppleve livet i Sunnfjord på 1800-talet med eit besøk ved Sunnfjord Museum rett utanfor Førde.