Hopp til hovedinnhold
Bestill

Langs stiane mellom torvlagde tak, hesjer og ein liten kvernbekk, kan de få eit innblikk i kvardagen på den tida våre tipp-tipp-oldeforeldre levde. Friluftsmuseet syner fram kulturarv og daglegliv frå dei indre Sunnfjordbygdene, med over 30 antikvariske bygg. Her kan de utforske tradisjonelle tun, husmannsplass og ein støl. De finn fine turløyper som startar på museumsområdet.

Innandørs kan de oppleve skiftande utstillingar gjennom året, både eigenproduserte og vandreutstillingar.

Årets tema: 100 års jubileum

Årets tema er museets 100 års jubileum med både jubileumsutstilling i hovudbygget og to nyopna miljøutstillinger i sjølve tunet.

Kafé og museumsbutikk

I museumsbutikk har dei eit utval av kulturhistoriske bøker, gåveartiklar, tradisjonelle leiker og handverksprodukt. I kaféen kan de kjøpe ein kaffi, is eller andre kioskvarer

Omvising

Museet tilbyr individuelle og tilrettelagte omvisingar for alle besøkande på norsk og engelsk.

Tilrettelegging

Friluftsmuseet har grusveg, med varierande tilkomst. Det er avgrensa tilgang for rørslehemma besøkande i dei antikvariske husa, men museet kan legge til rette for tilkomst i nokre antikvariske bygg. Ta gjerne kontakt på førehand.

Sesong og arrangement

Museet held ope heile året bortsett frå januar, og har ulike aktivitetar og arrangement gjennom året. På nettsida finn du oversikt over kva som skjer.

Berre 10 km frå Sunnfjord Museum finn du Sogn og Fjordane Kunstmuseum – her kan du oppleve ein unik kombinasjon av moderne kunst og vestlandsnatur midt i Førde sentrum.

  • Facebook logo
  • Instagram logo
  • Trip Advisor logo

Musea i Sogn og Fjordane

Se alle tilbudene til Musea i Sogn og Fjordane

Tider

mars 2026

20. mars

10:00 - 15:00Bestill

Stengt dei raude dagane i påske og i mai

Priser

Vaksen :
NOK 140
Honnør/student:
NOK 110
Born 0-17 år :
Gratis
Årskort**:
NOK 475
Museumspass (sesongkort 2 mnd.):
NOK 270

Kontakt

Adresse:
  • Jølstravegen 107
  • 6819 FØRDE
Telefon:
+47 577 21 220
E-post:
sum@misf.no
Nettside:
misf.no/sunnfjord-museum

Fasiliteter

Guiding tilgjengelig:
Barnevennlig:
Toalett:
Parkering:
Kafé:
Souvenirer/butikk:
Sesong:
  • Høst
  • Vår
  • Sommer
  • Vinter

Hvor er Sunnfjord Museum