Jølstraholmen Landskapshotell - der natur og komfort møtast
Jølstraholmen Landskapshotell byggjer vidare på sjela frå Jølstraholmen, men med ein heilt ny ramme rundt opplevinga. Her får naturen framleis hovudrolla, medan komfort, design og opplevingar løftar heilskapen til eit nytt nivå.
På Jølstraholmen Landskapshotell bur du på dine eigne premissar i ei unik miks av overnatting: dei ikoniske Elvasuitene med panoramautsikt over Jølstra, eksklusive suiter i ei restaurert løe frå 1800-talet, romslege lodger, stilfulle deluxe-hytter og komfortable standardshytter.
Matoppleving som ein del av reisa
Matopplevinga er ein del av reisa - i restauranten serverer kokken lokale smakar og sesongens råvarer, og i baren kan du nyte alt frå ein forfriskande aperitiff til noko godt i glaset etter middag.
Møte- og aktivitetsrom
Jølstraholmen tilbyr moderne møterom for både små og store samlingar, og eit aktivitetsrom med shuffleboard og brettspel.
Stort utval av aktivitetar utleige
Jølstraholmen byr på ein aktiv ferie for både store og små. Her finn du eigen sauna på elvakanten, badekulp med sandstrand, stor leikeplass med trampoliner, zipline og vannsklie.
Her er også moglegheit for å leige kajakk - singel eller dobbel, eller SUP for å utforsk vakre Jølstravatnet på nært hald. Om du ønskjer å sjå korleis fjella speglar seg i den blanke overflata ved vatnet kan du leige el-syklar og hybridsyklar til bruk i området. Ein fin sykkeltur er ruta på sørsida av Jølstravatne opp til Astruptunet.
Avslutt dagen i den heite badstua ved elvakanten, eller ein dukkert i badekulpen som kun er forsynt med friskt og reint vatn frå elva.
I nærliggande område finn du:
Jølster er kjent for vakker natur og eit rikt kulturliv. Rett ved sidan av Jølstraholmen finn du ei 18-håls golfbane drifta av Sunnfjord golfklubb, og Jølster skisenter med løyper for både store og små. Jølstravatnet er ein av dei beste fiskevatna for aurefiske i Nord-Europa, og elva Jølstra kan skilte med det same. Jølster kan også skilte med eit rikt kulturliv gjennom blant anna namn som Nikolai Astrup og Ludvig Eikaas. Det er lett tilgang til både brevandring og toppturar både til fots og på ski. Jølster gir deg med andre ord dei perfekte rammene for ein aktiv og innhaldsrik ferie for heile familien.
Green Key-sertifisert bedrift
Jølstraholmen er Green Key-sertifisert, og har eit stort fokus på berekraft og berekraftig utvikling. Plassen er 100% sjølvforsynt med eigenprodusert grøn vasskraft frå elva, gjennom eit mikrokraftverk. Naturbassenget og vannsklia går på reint vatn som kjem direkte frå elva og går direkte ut igjen i elva, utan tilsett kjemikaliar.
Utforsk Jølster med sin frodige og uberørte natur
Jølstraholmen ligg i Fjord Norge regionen, som er rekna som eit av dei vakraste delane i Norge. Med sin fantastiske frodige og uberørte natur, friske luft, reint vatn, mykje kultur og vennleg lokalbefolkning som gjerne visar deg ein topp eller to som ein kan utforske utan å treffe ei sjel. Her kan du kombinere ein uforstyrra skitur, fisketur, naturskjønn fjelltur eller fottur langs elvar og fossefall, med komfortable overnatting og aktivitetar på Jølstraholmen.
Det er enkelt å nå plassen med både bil og buss. Berre 45 minutt køyring frå nærmaste flyplass, Bringeland lufthamn i Førde, eller 3,5 timer frå Flesland flyplass i Bergen.