Innspelingane, gjort i samarbeid med TrondheimSolistene, selte imponerande 250 000 eksemplar og plasserte albumet mellom tidenes mestselgjande norske utgjevingar.
Gjennom hele karrieren har Herborg Kråkevik vore sjeldan allsidig som songar, skodespelar og tekstforfattar, og stadfesta posisjonen sin som ein av landets framste kulturformidlarar. I 2026 er ho høgaktuell att – både i den populære TV-serien Hver gang vi møtes på TV2 i januar, og med eit nytt album og bok i mars.
Det nye albumet er ei samling med fleire norske songar, og boka eit samarbeid med Nasjonalmuseet der songar og måleri er sett saman under tittelen "Vi vandrar saman"
Etter tre utselte jubileumskonsertar i 2025 legg Kråkevik og TrondheimSolistene no ut på ein storslått turné våren 2026. Ensemblet er i full gong med å fornya repertoaret frå Songboka, og publikum kan sjå fram til både udødelege klassikarar og heilt nye låtar frå det kommande albumet. Her ventar folkekjære songar i ny drakt – framført av musikarar i verdsklasse.
Musikk
Herborg Kråkevik og TrondheimSolistene
Då Kråkeviks songbok kom ut i 2000 blei albumet ein umiddelbar sensasjon. Kråkevik blei omtalt som Noregs songfugl nummer éin og kåra til Årets Spellemann.
Stord KulturhusStord
© Terje Trobe
Visninger
Stord Kulturhus (Stord)
- 06. mai, 2026:
- 19:00
Kontakt
- Adresse:
- Hamnegata 1
- 5411 Stord
- Telefon:
- E-post:
- kulturhuset@stord.kommune.no
- Nettside:
- stord.kulturhus.no/herborg-krakevik-og-trondheimsolistene-fo7q3y/