Landsfestivalen i gammaldansmusikk kjem heim!
Den aller første Landsfestivalen vart arrangert i Førde i 1986, i 2023 er den tilbake!
Indre Sunnfjord spelemannslag inviterar til Landsfestival i Førde 2. - 6. august. Den aller første Landsfestivalen vart arrangert i Førde i 1986 - i 2023 er den tilbake!
Vi i Indre Sunnfjord Spelemannslag er vertsskap for festivalen, og vi gler oss til å ønskje alle deltakarar, publikummarar, frivillege og andre hjartleg velkommen til Førde.
Tett og kompakt hovudarena
Hovudarena for festivalen er Førdehuset - Sunnfjord si storstove for kultur. Frå Førdehuset er det korte avstandar til matservering, hotell, festivalcamp, skuleovernatting og andre fasilitetar.
Mange hender i arbeid
Under festivalen vil vi også få bruk for mange hender, føter og hovud – mange fleire enn det vi har sjølv. Vi vert difor veldig glade om akkurat du kan tenkje deg å bidra som frivillig!
Gjer det her: www.landsfestivalen.no
Overnatting
Du har kanskje allereie tenkt på kvar du skal sove desse dagane?
I såfall finn du informasjon om overnatting på www.landsfestivalen.no
Festivaler
Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2023 - FØRDE!
Landsfestivalen i gammaldansmusikk kjem heim! Den aller første Landsfestivalen vart arrangert i Førde i 1986, i 2023 er den tilbake!
© Landsfestivalen
Kontakt
- Adresse:
- Førde
- 6843 Førde
- Telefon:
- E-post:
- leon@landsfestivalen.no
- Nettside: