Vi lagar julestemning og inviterer deg til å besøke julepynta hus i tunet og vere med på juleverkstader.
I friluftsmuseet er to av dei antikvariske husa, Husmannstova og Østenstadstova, pynta til jul. Stovene gjev deg eit inntrykk av korleis det kunne vere pynta til julekvelden på 1800-talet.
Kl. 14 kan du bli med på omvising i dei to stovene. Då får du høyre meir om juleskikkar og tradisjonar som høyrde til i det gamle bondesamfunnet. Husa vil stå opne i opningstida, men for å komme inn i stova må du vere med på omvising med ein guide.
Program for dagen
* Halbrendshuset: Resepsjon og billettsal. Museumsbutikk med flotte varer. Vi sel også eldre utgåver av "Jul i Sunnfjord". I den store stova kan du sette deg ned og nyte ein kopp kaffi.
* Kl. 14.00: Omvising i dei julepynta stovene og ute i tunet. Oppmøte ved Østenstadstova (skilta)
* Huus-stova: Her finn du juleverkstad der du kan lage julepynt i papir, lage julekort eller nålefilte små figurar. Vi har også fargeleggingsark og fargeblyantar.
* Rebusløype i tunet. Følg postane i tunet. Du får utlevert ark og blyant i resepsjonen i Halbrendshuset.
Hjartleg velkomne!
Kunst og museum
Opplev førjulstida på Sunnfjord Museum!
Vi lagar julestemning og inviterer deg til å besøke julepynta hus i tunet og vere med på juleverkstader.
Sunnfjord MuseumFørde
© Sunnfjord Museum
Visninger
Sunnfjord Museum (Førde)
- 07. desember:
- 12:00
- 14. desember:
- 12:00
Kontakt
- Adresse:
- Jølstravegen 107
- 6819 Førde
- Telefon:
- 57 72 12 20
- E-post:
- sum@misf.no
- Nettside:
- misf.no/sunnfjord-museum/opplevingar/jul-i-tunet