Hopp til hovedinnhold

Frå hyttene kan du sjå fjella spegle seg i fjorden ein stille sommarmorgon, og nyte solnedgangen som varer langt utover kvelden. Når mørkret senkar seg, kan du ligge i senga og sjå månen og stjernehimmelen gjennom store panoramavindauge.

Hyttene er organisk bygde og plasserte tett på naturen. Dei rører seg svakt med vinden, og fuglane finn ly i innebygde fuglekassar i kledninga. Om sommaren, med lange lyse dagar, er dette ein perfekt stad å lande etter ein dag med stisykling, fjelltur eller andre opplevingar i Nordfjord.

● Hytte 1 har plass til 2–3 personar og er utstyrt med dobbeltseng og hengekøye. Delt toalett i eige bygg saman med hytte 2.

● Hytte 2 passar for 5–7 personar og er bygd i to etasjar – eit godt val for familiar og større grupper. Delt toalett i eige bygg saman med hytte 1.

● Hytte 3 er den nyaste hytta og har plass til opptil 4 personar, med dobbeltseng og sovesofa. Hytta har eige toalett. Trappefri tilkomst gjer hytta eigna for rullestolbrukarar og familiar med barnevogn.

Dusj er tilgjengeleg i eiga dusjhytte: Dette er ei oppleving i seg sjølv. Vatnet varmast på kjøkkenet, blandast i bøtter og berast ut. Resultatet er ein enkel, men minneverdig dusjoppleving med utsikt over fjord og fjell. Enkelt, autentisk og uforgløymeleg.

I gangavstand frå hyttene ligg Trivselsskogen, med eit stort nettverk av turstiar og naturopplevingar. Her er det alltid noko å oppleve kring hyttene, heile året. Om hausten kan du oppleve trehyttene medan lauvet fell. Vinterstid ventar preparerte langrennsløyper på Kleivane skistadion og flotte toppturar i fjella rundt. Våren byr på nytt liv, fuglesong og lam som leikar rundt gardstunet.

Sjølv om roen rår i tretoppane, er det kort veg til sentrum på Sandane. Her finn du bade- og klatreanlegg i Trivselshallen, det anerkjende Gloppen Hotell og den urbane Lauget Kafé og Kultur.

Velkomne til ei eksklusiv tretoppovernatting i Nordfjord.
For spørsmål eller bestilling, besøk nettsidene eller kontakt Engeset Trehytter direkte.

Kilde: Nordfjord

    Kontakt

    Adresse:
    • 6823
    Telefon:
    410 43 249
    E-post:
    post@engesettrehytter.no
    Nettside:
    www.engesettrehytter.no/

    Fasiliteter

    Tilrettelagt for bevegelseshemmede:

    Hvor er Engeset Trehytter