Hopp til hovedinnhold

Loen Lodge er ein flott stad for vennegjengen, storfamilien eller kollegaer som ønskjer opplevingsrike dagar i Loen. Den romslege lodgen har fem soverom og plass til opptil ti personar, to nyoppussa bad og eit stort, velutstyrt kjøken.

Huset blir leigd ut i si heilskap og passar godt for grupper som ønskjer å bu saman og ha god plass rundt seg. Det er lagt opp til sjølvhushald, og på førespurnad kan opphaldet skreddarsyast med til dømes turguide eller kokk.

Loen Lodge har ei sentral plassering for å utforske Loen og dei mange opplevingane området har å by på. Sjå tilgjengelegheit og bestill opphald via kalenderen på Finn.no ("Book no"-knappen).

Kilde: Nordfjord

Kontakt

Adresse:
  • Fjordvegen 1051
  • 6789
Telefon:
926 94 111
E-post:
fritjofloen@gmail.com
Nettside:
loenlodge.no

Fasiliteter

Tilrettelagt for bevegelseshemmede:

Hvor er Loen Lodge