Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Bygder og steder

Loen og Lodalen

I Loen i Nordfjord finn du ein spektakulær gondolbane, majestetiske fjell, isbrear, Via Ferrata, zipline, turkise brevatn. Med korte avstandar mellom fjord, dal og fjelltopp er Loen ein destinasjon som gjer det vanskeleg å ikkje kome tilbake.

Utsikt ned mot fjord og fjell fra Loen skylift.
© Loen Skylift

Loen er ei lita og idyllisk bygd inst i Nordfjorden som byr på opplevingar i verdsklasse. Her finn du Loen Skylift, ein av verdas brattaste gondolbanar, Via Ferrata Loen med Europas lengste via ferrata-bru, og Lodalen – ein av Noregs vakraste dalar.

Natur og landskap

Loen er omkransa av høge fjell med kvite toppar som reiser seg rett opp frå den sølvblanke Nordfjorden. Innover opnar Lodalen seg kor det smaragdgrøne Lovatnet ligg som eit spegel mellom bratte fjellsider, fossefall og vakker natur. Vatnet får den spesielle fargen frå brepartiklar som elvane frå Jostedalsbreen fører med seg.

Inst i Lodalen finn du Kjenndalsbreen, den lågastliggjande brearmen av Jostedalsbreen. Langs vatnet ligg den sjarmerande setra Breng, ei fråflytta seter som i dag er ein populært stoppestad. Høgt over bygda ruvar Skåla (1848 moh.), Noregs lengste motbakke der turen startar på berre 30 moh.. På toppen kan du overnatte i Skålatårnet og Skålabu.

Aktivitetar

Loen Skylift er ein spektakulær gondolbane som på berre fem minutt tek deg frå fjordnivå til toppen av Hoven, 1011 meter over havet. På toppen finn du merka stiar, zipline og Hoven Restaurant med ei spektakulær panoramautsikt. For dei som vil ha meir utfordring, er Via Ferrata Loen eit høgdepunkt. Klatrestien tek deg langs fjellsida til toppen av Hoven, og undervegs kryssar du Gjølmunnebrua – Europas lengste via ferrata-bru på 120 meter, 750 meter over havet.

I Lodalen ventar ein haug av aktivitetar både på land og på vatn. Her kan du gå fotttur, sykle, symje, eller padle kajakk og SUP på det smaragdgrøne Lovatnet. Frå Rake og Oppheim startar fleire fine turar med fantastisk fjordutsikt, blant anna den populære turen til Rakssetra.

Loen Active tilbyr guida kajakk- og fjellturar, sykkelutleige, SUP og mykje meir. Om vinteren byr Hoven på toppturar, trugeturar og Noregs lengste akebakke i eit vakkert vinterlandskap.

Kultur og historie

Lodalen ber på ei dramatisk historie. I 1905 og 1936 rasa store fjellstykke frå Ramnefjell ned i Lovatnet og skapte flodbylgjer som øydela gardane Nesdal og Bødal. Til saman mista 135 menneske livet. Lodalsulukka er ei av dei største naturkatastrofane i norsk historie, og minnene lever framleis sterkt i bygda. Ei historisk vandring gjennom dalen gir eit gripande innblikk i denne historia.

Skålatårnet på toppen av Skåla vart bygd i 1891 av distriktslege Hans Henrik Gerhard Kloumann, opphavleg som eit sanatorium – rekreasjon for kropp og sjel i frisk fjellluft. Tårnet er i dag ei av dei mest kjende DNT-hyttene i Noreg. Frå Breng seter, som har historie tilbake til 1340, kan du sjå korleis seterdrift og gardsliv var i gamle dagar. Hotel Alexandra har teke imot gjester sidan 1884 og er eitt av Noregs mest tradisjonsrike hotell.

Et merkeikon

Utforsk regionen!

En mann som står med ryggen til og ser utover et storslått landskap med høye fjell og en vann nedenfor.

Oldedalen

Dalen er omringa av isbrear, der Briksdalsbreen er størst. Mellom dei høge fjella, ligg Oldevatnet med ein blågrøn farge som gjer fargepaletten komplett.

Se alle attraksjoner i Nordfjord
Et merkeikon

Les mer om Loen og Nordfjord

Med utgangspunkt i Loen og Loen Skylift, er mange flotte opplevelser innen rekkevidde.

En som kjører ned en bakke på ski, med høye fjell og et skydekke under seg.

Lek deg på ski i Loen

Ingen gondoler i Norge kan måle seg med Loen Skylift, som på drøye fem minutter tar deg tusen høydemeter rett opp – og vips er dagens skitur godt i gang.

Utsikt fra Oldedalen

På vandring i dalene - Vestlandets gjemte skatter

Dype daler mellom bjerg og tinder har gjennom alle tider vært vandrerens miljø. I dag er de gamle ferdselsveiene gjennom dalene et skattekart til opplevelser.

To mennesker som står med ryggen til på et fjell og ser over på en isbre på den andre siden.

Jostedalsbreen: den største isbreen på fastlandet i Europa

Jostedalsbreen er den største isbreen på fastlandet i Europa. De mest kjente delene av Jostedalsbreen er Briksdalsbreen og Nigardsbreen.

Les flere artikler om Nordfjord

Opplevingar i Loen og Lodalen

Frå gondolbane og Via Ferrata til stille padleturar på Lodalsvatnet. I Loen får du den komplette opplevinga.

Loen Skylift

Loen Skylift

Loen Skylift – Norges lettaste topptur. Ein spektakulær attraksjon og opplevingsarena, i Stryn, inst i Nordfjord.

Via Ferrata Loen

Via Ferrata Loen

Via Ferrata Loen er ein spektakulær klatresti der du er sikra med wire heile vegen, og tek deg til toppen av Hoven på 1011 moh.

Kajakk på Nordfjorden | Loen Active

Kajakk på Nordfjorden | Loen Active

Opplev Loen frå kajakk på Nordfjorden. Loen Active tilbyr guida turar i doble kajakkar nesten heile året.

Alexandra Spa

Alexandra Spa

SPA (Salus per aqua) tyder "helse gjennom vatn", og har i hundreår handla om mineralhaldig vatn, varme kjelder og avspenning. Alexandra Spa har som mål å gi både kropp og sjel pleie og avslapping.

Alexandra Bad

Alexandra Bad

Alexandra Bad i Loen byr på badeglede året rundt med basseng inne og ute, oppvarma utebasseng, vannsklie, boblebad og familievenlege basseng for store og små.

Båtutleige | Yri outdoor

Båtutleige | Yri outdoor

På Yri Outdoor kan du leige robåt, kano og kajak i naturskjønne omgivnader, i vakre Oldedalen.

Alexandra Bad

Alexandra Bad

Alexandra Bad i Loen byr på badeglede året rundt med basseng inne og ute, oppvarma utebasseng, vannsklie, boblebad og familievenlege basseng for store og små.

Loen Play

Loen Play

Eit lite leikeunivers - midt i Loen - med kjekke utfordringar for både kropp og hovud, tilpassa alle born. Over to etasjar kan borna boltre seg med klatrehus, ballbasseng, interaktive spel med meir. 

Kattanakkjen

Kattanakkjen

Ikkje la deg lure av Kattanakken i Briksdalen - dei første 2 km ser turen snill ut, men etter kvart blir den krevande.

Klovane

Klovane

Klovane 982 moh i Olden byr på ei fantastisk utsikt over Oldedalen.

Austerdalsbreen, Veitastrond/ Luster

Austerdalsbreen, Veitastrond/ Luster

"The finest ice-scenery in Europe", sa den engelske fjellmannen W.C. Slingsby om Austerdalsbreen og dei imponerande brefalla Odin, Tor og Loke.

Marsåhyrna

Marsåhyrna

Frå toppen av Marsåhyrna (1340 moh.) er det ei fantastisk utsikt over Oppstryn og Strynedalen.

Alle aktiviteter tilknyttet Loen og Lodalen

Slik kommer du deg hit

Reiser du med egen bil eller med offentlig transport? Lurer du på hvordan du kommer deg hit? Vi hjelper deg!

Slik kjem du deg til og rundt i NordfjordSe på kartet

Overnatting i Loen og Lodalen

Nede i bygda byr Hotel Alexandra og Hotel Loenfjord på god mat og førsteklasses overnatting. I Lodalen finn du fleire campingplassar og hytter i naturskønne omgjevnadar ved Lovatnet. Merk at det er berre lov å setje opp telt på oppmerka stader.

Hotel Alexandra

Hotel Alexandra

Hotel Alexandra er eit førsteklasses hotell med utsikt over fjorden i Loen og mot Skåla (1848 m.o.h.). Hotellet er omkransa av høge fjell og mektig natur.

Hotel Loenfjord

Hotel Loenfjord

Hotel Loenfjord er eit koseleg og uformelt hotell som ligg idyllisk til midt i Loen, ved Loelva og Nordfjorden.

Loenvatn Feriesenter

Loenvatn Feriesenter

Loenvatn Feriesenter ligg fint til ved Lovatnet, ca 4 Km frå Loen.

Olden Camping

Olden Camping

Olden Camping, ligg ved Oldevatnet, i ein av Nordfjord sine finaste dalar – Oldedalen. Panoramautsikt mot brear, vatn og fjell.

Jølet

Jølet

Tenk å ligge svevande over bakken på ei seng av brusande vatn med stjerner i augo! Det er akkurat det du kan oppleve i Jølet, hytta som er spesialdesigna for å gje ein optimal følelse av nærleik til naturen. På kanten av eit jøl, skapt av elva sitt tusenårige strev for å nå fjorden, svevar hytta delvis i terrenget. Liggande heilt for seg sjølv utan nære naboar, men med utsikt over kulturlandskap og bygdelag, er dette ein perfekt stad både for avslapping og aktivitet.

Strynsvatn Camping og Feriehytter (copy)

Strynsvatn Camping og Feriehytter (copy)

Strynsvatn Camping er ein del av PlusCamp kjeden, og vi er i NHO Reiseliv klassifisert med 4 stjerner. Her er 35 utleigehytter, 2 sommarhus, ei fjellhytte, 5 ferieleilegheiter, og ca 40 oppstillingsplassar for bobilar, campingvogner og telt. Av aktivitetar på plassen har vi båt og kanoutleige, volleyball, badeplass, grillplass ved vatnet, leikeplass, 3 trampoliner, oppmerka tursti til seter, fjell og bre.

Loen Apartments

Loen Apartments

Bu godt i nye leilegheiter, midt i Loen med gåavstand til busstopp, butikk, restaurantar, Via Ferrata Loen og Loen Skylift. Gjestar hos Loen Apartments får rabatt på inngongsbillett til Loen Play, som ligg vegg-i-vegg. Dette er ein perfekt base for gode feriedagar i den populære fjordbygda.

Aabrekk Gard Trollbu

Aabrekk Gard Trollbu

Aabrekk Gard ligg øvst i Oldedalen i Stryn, ca. 45 minutt frå sentrum. Her får du overnatting i hytter og historiske hus, samt servering av heimelaga mat og gardsprodukt. Open kafé i sesong.

Hogrenning Gard & Overnatting (copy)

Hogrenning Gard & Overnatting (copy)

Hogrenning Gard & Overnatting har panoramautsikt over Lodalen og Lovatnet. Alle hyttene er utstyrt med det som trengs for å ha en hyggelig ferie. Fra Hyttene er det kort vei til et vidt spekter av aktiviteter, turer og utflukter i Stryn Kommune og Nordfjord.

Mindresunde Camping (copy)

Mindresunde Camping (copy)

Mindresunde Camping ligg ved Rv 15, 10 km frå Stryn sentrum. 10 hytter og 40 campingeiningar. Campingplassen ligg idyllisk til heilt nede ved Strynevatnet med moglegheit til aktivitetar på vatnet og fotturar i vakker natur. Sentralt for å nå opplevelsar og aktivitetar i Nordfjord og rundtur Stryn-Geiranger-Stryn

Oldevatn Camping

Oldevatn Camping

Oldevatn camping ligg idyllisk til ved Oldevatnet i Stryn kommune, omkransa av fjell og brear.

Alle overnattingssteder tilknyttet Loen og Lodalen

Kommende arrangementer

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement