Hopp til hovedinnhold

Velkomen til Alexandra Bad i Loen – eit moderne badeanlegg for heile familien.

Fordelt på 3700 kvadratmeter finn du basseng og boblebad både inne og ute. Det oppvarma utebassenget er ope året rundt og har massasjesenger, rygg- og nakkemassasje og gode moglegheiter for avslapping med utsikt til dei vakre omgjevnadene i Loen.

For dei som ønskjer fart og spenning, ventar den populære vannsklia med «magesug». Anlegget har også innandørs og utandørs boblebad og eit eige solområde innandørs.

Alexandra Bad er godt tilrettelagt for familiar. Her finn du fleire barnebasseng inne og ute med fontener, vass-soppar, vassrutsjebaner, foss og grotte som gir timevis med leik og moro for dei minste.

Badeanlegget er ein populær aktivitet året rundt, enten du ønskjer ein aktiv dag med familien eller ei avslappande stund i basseng og boblebad. Café Zandra serverer drikke og smårettar ved badeanlegget i sommarsesongen. I same anlegg finn du også Alexandra Spa, med eit breitt utval velvære- og spa-behandlingar.

Kilde: Nordfjord

Kontakt

Adresse:
  • 6789
Telefon:
57875083
E-post:
alex@alexandra.no
Nettside:
www.alexandra.no/no/bad-spa/alexandra-bad.aspx

Grønne sertifiseringer

Alexandra Bad har fått sertifisering for sin miljøinnsats fra:
  • MiljøfyrtårnMiljøfyrtårn
Miljøsertifisering i privat og offentlig virksomhet, inkludert turisme.

Hvor er Alexandra Bad