Feriesenteret tilbyr hytteutleige, kafé og kiosk, i tillegg til eit breitt utval av aktivitetar. På Lovatnet kan ein leige robåt, kajakk, kano, SUP og trøbåt. For dei som ønskjer å utforske Lodalen, er det også mogleg å leige el-sykkel, tosetars elbil eller UTV med seks sitjeplassar.
Alle hyttene på Loenvatn Feriesenter er utstyrt med dusj og WC, kjøkkenutstyr, dyner og puter.
I kaféen finn ein mellom anna enkle smørbrød og vaflar, tradisjonell husmannskost, kaker og is.
Loenvatn Feriesenter har ikkje tilgjengelege plassar for telt, bubilar eller campingvogner.
Camping
Loenvatn Feriesenter
Loenvatn Feriesenter ligg fint til ved Lovatnet i Lodalen, om lag 5 kilometer frå Loen i Stryn kommune.
© Loenvatn Feriesenter
Kilde: Nordfjord
Kontakt
- Adresse:
- Vorneset
- 6789
- Telefon:
- 40 24 68 71
- E-post:
- tor.sande@enivest.net
- Nettside:
- loenvatn.com/
Fasiliteter
- Parkering:
- Tilrettelagt for bevegelseshemmede: