Midt i hjarte av Stord i Leirvik sentrum, finn du Urt & Ugras. Ein triveleg kafé og møteplass for alle som set pris på ekte matglede. Her møtes nye smakar og gamle klassikarar i perfekt harmoni, alltid med ein moderne og lokal vri. Kaféen legg stor vekt på lokale råvarer, reine smakar og stolthet for faget - og er eit ordentlig frisk pust! Her kan du nyta alt frå inspirerande smårettar og søte fristelsar til dagens lunsj. Alt laga med omtanke og kjærleik til både maten og gjestane.
Kvifor Urt & Ugras
Namnet speglar sjela bak konseptet: Urt står for det delikate og gjennomtenkte, medan Ugras representerer det ukjende som blir nyskapande. Med Ugras ønskjer dei å bringe nye mattrendar til Stord - trendar som kjem og går, akkurat som ugras! Dette kjem fram gjennom maten, inventaret og atmosfæren.
Gjengen bak konseptet har som visjon å skape unike matopplevingar gjennom yrkesstoltheit på ein bærekraftig måte. Bærekraft har fleire sider, og deira største tiltak er å utdanne nye fagfolk til bransjen.
Catering
Urt & Ugras har også ei eiga cateringavdeling, der du kan bestille smakfulle rettar til både store og små anledningar. Frå bryllaup og julebord til kvardagslunsjen på jobb. Dei legg vekt på lokale råvarer, sesongens smakar og ekte matglede i kvar rett.
Her finn du kaféen
Urt & Ugras finn du i helseparken i Borggata på Stord, i sentrum av Leirvik.
Sjå og les meir om Urt & Ugras opningstider og menyar på deira nettside.